Rabarbrapai med vaniljekrem, jordbær og blåbær

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

No er det rabarbratid – utan tvil!!! Då kan du kanskje tenkje deg kor fortvilt eg var då eg skulle på inspeksjon og sjå kor det stod til med rabarbraplantene mine i år. Eg gjekk bortover mot låven og såg til mi store forskrekking at plantene var vekk! Ikkje eit einaste rabarbrablad i sikte! Så kom eg på at gravemaskinmannen min hadde eit aldri så lite graveprosjekt der for ei tid tilbake, og då har altså rabarbraplantene vorte tekne med i dragsuget. Stakkars meg… Men heldigvis; ein god venn og kollega berga sommarkjensla og kom med favnen full av rabarbra til meg! Så då vart det eksperimentering med ei ny oppskrift på rabarbrapai! Tusen takk, Anne Grethe!

 

Rabarbrapai med vaniljekrem,  jordbær og blåbær

Dette treng du til deigen:

5 dl kveitemjøl

6 ss sukker

1 krm salt (1/5 ts)

2 små egg

1 ts bakepulver

185 g smør

Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor og køyr deigen i 10-15 sekund. Ha deigen på eit bakebord og elt raskt. Form deigen til ein fin og glatt klump. Dersom du ikkje har foodprosessor kan du smuldre smøret med alt det tørre og ha i egga til slutt.

Legg deigen i ein plastpose og set i kjøleskapet i 30 minutt. Ventetida brukar du til å lage klart bæra, vaniljekremen og «crumble» til å ha på toppen.

PS! Dette er nok deig til to paiar utan lokk, eller ein pai med lokk. Eg laga utan lokk og brukte crumble-topping i staden for, så no har eg ekstra deig liggande i kjøleskapet som eg skal brukte til noko spennande i morgon!

 

Dette treng du til fyllet:

1 dl sukker

1 ss potetmjøl

8 dl rabarbra i bitar

2 dl jordbær i bitar

ein handfull blåbær

vaniljekrem

Dette treng du til «crumble» (smuldretopping):

2 dl kveitemjøl

2 ss kvitt sukker

4 ss brunt sukker

100 g smør

 

Kjevle ut halvparten av deigen og kle ei 26 cm paiform (med så høg kant som mogleg), smør forma fyrst. Smør over vaniljekrem. Vend jordbær, blåbær og rabarbra i sukker og potetmjøl, fordel over vaniljekremen.

Ta crumble-toppingen som du har laga og fordel over paien. Eg brukte for mjukt smør då eg laga crumble, så då vart ikkje den så smuldrete som den skal vere.

Steik på rist midt i forvarma omn på 225 grader i ca 30 minutt. Det kan vere lurt å setje ei langpanna på nederste rille i omnen i tilfelle det skulle drype av paien (det gjorde nemleg min…).

På grunn av at det er mykje væske både i rabarbraen og jordbæra, så kan det vere at du ser at paien er litt fuktig når du tek til å skjære i den. Men det har ingenting å bety! Paien smakar fantastisk likevel!

Dryss over friske blåbær eller jordbær før du serverer! Med herleg, sprø crumble på toppen vert denne paien ei smaksoppelving!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Sommarmat, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , , , , , | 5 Kommentarer

5 Responses to Rabarbrapai med vaniljekrem, jordbær og blåbær

  1. trine strøm sier:

    hei.
    Har et spørsmål… Under «crumble» står det hvetemel, og så står det 2 x hvitt sukker med 2 og 4 ss. Er dette riktig ?? Skal det egentlig bare være 6 ss sukker..?
    Lurer også på hva forkortelsen krm står for….
    Hilsen Trine
    P.s. gleder meg til å spise rabarbrapai 🙂

    • Tove sier:

      Hei Trine! Her kan det ha snike seg inn ein feil – takk for at du er så merksam! Det skal stå 4 ss brunt sukker og to ss kvitt sukker. Men du kan sjølvsagt bruke berre kvitt sukker om du vil. Eg føretrekk å bruke det brune, for det gir ein herleg, karamellaktig smak.

      Krm betyr kryddermål og er ei eining for måling av krydder når du skal lage mat. Bestemor mi lærte meg at kryddermål er «pittelitt» krydder. Om eg skal vere meir nøyaktig, så er eit kryddermål 1/5 ts. Det betyr at om du har ei teskei med pepar, så er det fem kryddermål.

      Håper du fekk godt svar! No skal eg gå rett inn og rette oppskrifta – tusen takk for hjelpa! Eg ser meg ofte blind på oppskriftene når eg sit og skriv!

      Mvh ToveHD

  2. Irene - Arendal sier:

    Takk for at du ville dele denne oppskriften! Den smakte himmelsk med god vaniljeis til!

  3. Åse Sørheim sier:

    Kjempegod! Faktisk så bra at min mann som ikke liker rabarbra ba meg bake den igjen i dag 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *