Pasta med tomat og kremost-saus

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Langsomt går vi over i sommarmat-modus. Hos oss er det mat som det går fort å lage, som ein kan lage ute, som er lett å ta med seg på tur og som har gode sommarsmakar.

Eg får ofte spørsmål om tips til middagar som er raske å lage. Det er mykje som er fort gjort å lage om ein berre har planlagt og organisert litt i forkant. Det vil nok verte litt fokus på slike måltid på bloggen framover!

Oppskrifta eg deler med dykk i dag er kjapp å lage. Du treng praktisk talt ikkje meir tid enn det det tek å koke pasta!

PASTA MED TOMAT OG KREMOST-SAUS (nok til fem personar)

Dette treng du:

Nok pasta til fem personar, gjerne pasta penne

2 bokser Tine kremost, kryddersmak

2 dl fløyte (bruk gjerne matfløte)

1 boks hermetisk tomat

1 pakke pølser (gjerne av kylling aller kalkun)

1 ts sukker

1 lita ts salt

litt pepar

Eg er veldig glad i dei hermetiske tomatane frå Mutti. Desse boksene er mindre enn andre bokser, men smaken er så mykje meir konsentrert at du slettes ikkje treng å bruke meir for å kompensere. I oppskrifter der det står 1 boks hermetisk tomat, brukar eg gjerne ei slik sjølv om den er mindre. Om konsistensen på maten blir for tjukk pga at der er mindre væske, har eg berre i meir vatn.

Slik gjer du det:

  1. Set på vatn til pasta. Bruk ei raus gryte slik at pastaen har god plass. Ha i pasta når vatnet kokar og kok etter anvisning på pakke.
  2. Ta ei anna gryte og ha i kremost og fløyte, slå på varmen og la massen få smelte og småkoke. Ha i dei hermetiske tomatane, salt, pepar og sukker. Pass på at sausen ikkje koker for hardt. Smak gjerne etter ei stund for å sjå om smakane er slik du vil ha dei.
  3. Skjær pølsene i små bitar og fres dei fort i litt olje på ei steikepanne. Når dei har fått gyllen farge puttar du dei i gryta i lag med sausen.
  4. No har du pastaen på kok og sausen er ferdig (ost, fløyte, salt/pepar/sukker, tomatar og pølser).
  5. Når pastaen er ferdig slår du av vatnet og har den tilbake i gryta.
  6. Slå sausen over pastaen og bland godt.
  7. Server med ein enkel salat eller favorittgrønsakene dine.

Når alle ingrediensane ligg klar på benken trur eg ikkje det tek meir enn 15 minutt frå du startar å lage den til maten ligg rykande varm på fat. Fordi du blandar kremost, fløte og hermetiske tomatar får du ein mild og god saus som ungar likar veldig godt.

VARIASJON

Om du lagar denne retten til vaksne, kan du godt fiffe den opp med å t.d. bytte ut eine boksa med kremost med riven ost med kraftigare smak. Det er også godt om du riv over fersk parmesan før servering, i lag med litt god olivenolje og nykverna pepar.

I tillegg kan du sjølvsagt bytte ut pølsene med kokt skinke i strimlar eller terningar. Eller du kan kan utelate kjøt heilt og servere den som ein vegetarrett. Det smakar også godt med eit lite dryss av sprøsteikt Strandaskinke før servering.

Her har du ein god, lettvint og smaksrik middag som smakar sommar – VELBEKOMME!

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Pasta, Sommarmat, Vegetar | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *