Sommarleg foccacia

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Vi har hatt så herlege dagar denne helga! Slike dagar der ein ikkje har tid til å vere innandørs, verken for å ete mat eller lage mat. Då kan det vere greit med mat som er enkel å lage, som kan ordnast tidleg om morgonen og som ein har glede av heile dagen! Det aller enklaste er å bake foccacia! Den kan du ete som den er eller skjære den i to og fylle med godt pålegg og rikeleg med salat, tomat, paprika, tomat, urter – stort sett det du likar eller har i hus!

Sommarleg foccacia (nok til ei langpanne), 220 grader i 25 minutt

Til deigen:

8 1/2 dl kveitemjøl

1 pose tørrgjære

1 1/2 ts salt

1 ts tørka urteblanding, eg brukar rosmarin

4 1/2 dl lunka vatn

2 ss olivenolje

På toppen:

Olivenolje

Maldonsalt

Cherrytomatar

Evt svarte oliven

Bland først alt det tørre. Ha så i vatnet og elt deigen. Det lettaste er å bruke kjøkkenmaskin, men om du ikkje har det så er dette ein god deig å bruke handemakt på! Slå i oljen litt etter kvart. Deigen vert gjerne litt laus, så ikkje fall for fristelsen og tilsett meir mjøll! Dekk til deigen og la den heve til dobbel storleik.

Tips! Du kan tilsette mange spennande smakar i deigen. Då brukar du denne oppskrifta som ei grunndeig og puttar i det du har lyst. Det kan vere honning (1-2 ss), soltørka tomat, chorizzo, oliven, friske urter, fetaost, ost med kraftig smak m.m. 

Når foccaciaen er ferdig heva må du smøre ei langpanne med olivenolje og slå deigen rett i panna. Ha olivenolje på hendene og trykk deigen utover. Trykk små hol med fingrane og risle over god olivenolje. Du kan gjerne vere raus med oljen! Ta cherrytomatane og trykk dei ned i deigen med passe mellomrom. Strø over med tørka rosmarin og maldonsalt. Dekk langpanna med plast og la heve i om lag 30 minutt.

Steik foccaciaen på 220 grader i om lag 25 minutt. Når den er ferdig tek du den ut og legg den rett på rist for avkjøling. No har du god mat for ein varm og deilig sommardag! Skjær den i passe stykker, putt i ei boks eller i eit klede og ta med på stranda eller på fjellet. Om du vil lage eit lite måltid av foccaciaen, så deler du den på langs og fyller den med ein god kvitløksmajonnes og pålegg som du måtte like!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, tapas | Tagged , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Sommarleg foccacia

  1. Tilbaketråkk: Hjertelinkar#2 « Astrid Katrine

  2. Tilbaketråkk: Heimelaga aioli | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *