Spennande matdag!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Som matbloggar har eg vore heldig å få vere med på mykje spennande. Mitt engasjement i matprat.no har teke meg til stadar eg ikkje trudde eg nokon gong skulle få vere. Som til dømes stjernekjøkkenet på Restaurant Onda i Oslo. For å smake på fantastisk god torsk. For å lage mat. For å servere sjølvlaga mat til stjernekokkar som t.d. Terje Ness.

Slike opplevingar kan ein leve lenge på. Seks matbloggarar kosa seg på kjøkkenet og laga mat av ypperste kvalitet. All maten vi laga inneheldt torsk frå Strøm Torsk. Betre råvare er det ikkje å få tak i!

Bileta over viser oppskriftslappen min og nokre av råvarene mine. Eg skulle lage fiskekaker og fish & chips. Oppskriftene og bilete kjem i eit innlegg seinare.

Slik ser den ut, fisken vi brukte. Dette skriv Strøm Torsk på heimesida si:

«La oss være enige om at den beste torsken du kan få servert er den som ble trukket opp fra havet for noen timer siden. Rett opp fra det rene, klare vannet og direkte til sløying og filetering. Er du enig i at det er den beste torsken du kan få servert?

Det er akkurat dette som er STRØM®. Tre timer etter at fisken tas opp fra det iskalde og friske havet ligger den som en skinn og benfri filet i en pakke som holder den fersk helt fram til ditt kjøkken. Aldri frosset. Aldri utsatt for oksydering. Aldri lagt direkte på is sammen med andre varer. Aldri vært i fare for å bli behandlet feil på veien til deg.»

Her er fiskekakene mine på veg ut i kveldssola på Aker Brygge for å verte fotograferte!

Eg og min gode matbloggkollega Runar Charls (med bloggen Charls – det beste jeg vet).

Slik ser det ut «behind the scenes» når maten vår skulle fotograferast!

Dette er min variant av Fish & Chips! Og når mesterkokken Terje Ness seier at den er god, ja då var den god! 

Eg kan love meir snadder og gode bilete frå denne kvelden – der er mykje spennande å røpe!

Dette er altså Onda by Pal&Ness på Aker Brygge. Fantastisk flott restaurant som eg gler meg til å få besøke ved eit anna høve. Men då skal eg ikkje stå bak grytene… Då vil eg berre vere gjest og nyte den gode maten, det flotte utsikta og den særeigne atmosfæren!  Biletet av resturanten er teke a Terje Skåre og eg har lånt det på sida til Alliance Arkitekter. Klikk her for å kome til innlegget deira om Onda.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Tips og idèar | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *