Ingen 17. mai utan karbonader!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Her i huset har vi ikkje tradisjon for store koldtbord og heimekos på nasjonaldagen. Grunnen er at vi sjølvsagt ikkje er heime. Vi bur i ei lita kommune og det er det frivilleg lagsarbeidet som for nasjonaldagen til å gå rundt! Og då skal det bakast kaker, lagast smørbrød, pyntast med bjørk i kvar ein sving og på kvar ei bru og vi skal selge mat, kaker og kaffi, arrangere leikar, spele fotballkampar, delta i sekkeløp og eggeløp og mykje, mykje meir! Og akkurat slik er det nok mange som har det! I år skal eg lage tre kaker og 20 smørbrød som skal leverast på ulike stadar. På smørbrøda skal eg ha roastbeef og karbonader. Roastbeefen tek eg ikkje sjansen på å steikje sjølv, så den har eg bestilt ferdig oppskoren til 16.mai-kvelden. Men karbonadene; dei lagar eg sjølv!

Dette blogginnlegget er mykje for å fortelje kor utruleg enkelt det er å lage karbonadene sjølv og kor mykje betre dei smakar enn dei du kjøper!

For å lage ca 16 passe store karbonader treng du:

1 kg karbonadedeig

2 ts salt

1 ts pepar

1/2 ts muskat

1/2 ts ingefær

1 ss potetmjøl

1 dl kaldt vatn

Ha alt i ein litt stor bolle og bland godt. Bruk gjerne knytteneven for å få elta det og blanda det skikkeleg. Ta ei skjærefjøl og la litt vatn på den. Ta litt karbonadedeig med ei skei, trill til ein liten ball i nevane og legg på den fuktige skjærefjøla. Ta ein kniv og lag små kutt på karbonaden. Då vil den legge seg fint utover og forme seg til ei rund karboande. Snu den med ei steikjespade gjer det same på andre sida. Karbonadenene må ikkje verte for tynne.

Smelt smør i ei steikjepanne og legg karboande i panna. La dei steikje fort på begge sider på ganske god varme. Når begge sidene har fått farge, skrur du ned temperaturen litt og ettersteikjer 2-3 minutt.

Karbonadene måtte prøvesmakast, så eg laga to karbonadesmørbrød med ulikt tilbehør.

FYRSTE VARIANT:

Her har eg tatt ei brødskive og lagt på tomatskiver. I mangel på salatblad brukte eg fersk oregano for å lage litt farge. Oreganoen vart lagt på toppen av tomatane. Deretter la eg på karbonaden og tynne skiver med raud løk. Ein liten grøn kvast som pynt på toppen.

ANDRE VARIANT:

Her gjorde eg det stort sett på same måten, men raudløken på toppen vart bytta ut med «sweet onion chutney». Dette er ein slags variant av karamellisert løk, men i chutneyvariant. Denne chutneyen var ferdig på glas, men om du vil laga karamellisert løk kan du bruke denne oppskrifta:

4 løk i tynne skiver

svart pepar

smør til steiking

vatn

Set ei steikepanne på omnen og ha i ein raus klatt smør når du ser at den er varm. Når smøret har slutta å bruse har du i løken. La løken surre på middels varme i 10 minutt, då har den vorte gyllen, mjuk og fin. Ha i to ss kaldt vatn, rør og la løken stekje i ti minutt til. Dette gjentek du to gongar til etter dette; altså: To ss vatn, la det heile surre ti minutt. To ss. vatn, la det heile surre i ti minutt. Den karamelliserte løken er no ferdig.

Det er ikkje 17. mai før om to dagar, så om du vil lage karbonader, så rekk du det. Det er utruleg enkelt, som du ser, og så blir resultatet saftige og smaksrike karbonader som eignar seg godt til karbonadesmørbrød eller på 17. mai-koldtbordet!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt, Smårettar, tapas | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *