Verdens beste gjærdeig?

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Eg skal på ingen måte påberope meg å ha oppskrift på verdens beste gjærbakst! Derimot er eg svært så tradisjonell og tru mot det som eg veit fungerer. Oppskrifta eg brukar har eg funne i boka «Gjærbakst på alle bord» og er utgitt av Gyldendal Norsk Forlag A/S og NKLs Prøvekjøkken i 1987. Eg hugsar så godt at eg kjøpte boka på Mega i Ørsta då eg flytta for meg sjølv for fyrste gong. Oppskriftene var svært enkle, men gode. Eg har alltid fått gode resultat når eg har gjort det slik som boka seier.

I går baka eg ein liten testporsjon med skillingsbollar. Oppskrifta var den same gamle, men eg hadde litt finraspa eple på leiven etter at eg hadde baka ut (sjølvsagt i lag med sukker, smør og kanel!). Det er så godt å ha litt gjærbakst i frysaren og så er det kjekk mat til 17. mai – anten som ei ekstra lita oppmuntring til små føter som ikkje orkar å gå i fleire tog, eller som noko godt å kose seg med om kvelden når ein har hengt på plass bunaden og ikkje orkar tanken på meir is og pølser.

Grunnoppskrift, søt gjærdeig:

150 g smør/margarin

7 dl mjølk

50 g gjær

180 g (2 dl) sukker

2 ts kardemomme (kan sløyfast om du lagar skillingsbollar)

ca 1 kg (1,7 liter) kveitemjøl

Om du vil lage skillingsbollar treng du dette til fyllet:

100 g smør/margarin

1 dl sukker

2 ts kanel

evt litt finraspa eple

Steik på 250 grader i 10-12 minutt

PS! Grunndeigen kan endrast ved å redusere eller auke fett- og sukkermengda. Kardemomme kan sløyfast eller erstattast med t.d. anis eller rive sitronskal – alt etter kva du skal bake og kva smakar du vil ha! Eg brukar også denne deigen når eg lagar bollar. 

Slik gjer du det:

  • Smelt margarin. Tilsett mjølk og varm opp blandinga til den er fingervarm. Bryt opp gjæra i bakebollen. Slå mjølkeblandinga i og rør til gjæra er oppløyst (dersom du brukar tørrgjær har du den i lag med alt det tørre og så slår du mjølkeblandinga i til slutt). 
  • Tilsett sukker, kardemomme (evt) og mjøl. Rør deigen saman. Dekk den til og la den heve på ein lun stad til den har dobbel storleik. No kan du bake ut det du ynskjer – i mitt tilfelle skillingsbollar!
  • Del deigen i to. Trill den eine delen til ei lang pølse og kjevle ut til ca 30 cm breidde. Smør fyllet utover. Rull samen. Skjær rullen i skiver og legg skivene på steikeplata. Alternativt kan du legge skillingsbollane i ei muffinsform og la dei steikje i den. La skillingsbollane etterheve i ca 30 minutt. Dryss litt sukker eller perlesukker over dei før du steikjer dei.
  • Skal steikjast på 250 grader i 10-12 minutt på midterste rille

I går brukte eg nokre muffinsformer når eg steikte skilingsbollane. Etter at eg hadde tatt dei ut av omnen lot eg dei kjøle seg ned på ei rist. Nokre av bollane tok eg ut av muffinsformene og la dei på eit Norges-glas. Det stod på benken og venta på at ungane skulle kome heim frå skule og barnehage. Det er alltid litt ekstra kos når det står fersk gjærbakst og ventar på dei!

Men så tilbake til utgangspunktet mitt: ER DETTE VERDENS BESTE OPPSKRIFT PÅ SØT GJÆRBAKST? Nei, eg tvilar sterkt på det. Men den fungerer og oppfører seg akkurat slik eg har tenkt – kvar gong!

Oppfordringa mi til lesarane mine er difor; har du ei oppskrift som du meiner er verdens beste? Vil du dele den med meg? Eg er alltid interessert i å lære noko nytt og når det gjeld oppskrifter er eg ekstra sugen på ny inspirasjon. Eg vil difor oppmode bakeglade og matglade lesarar til å sende meg favorittoppskrifta si på søt gjærbakst. Du kan legge den att som kommentar til dette innlegget, evt poste ein link til ein blogg eller andre stadar der eg finn oppskrifta, eller du kan sende den til meg på e-post: tovehd(alfakrøll)hotmail.com, eller du kan gå inn på «På kjøkkenbenken» si facebookside og poste oppskrifta der (legg deg gjerne til som medlem i gruppa mi). Klikk her for å kome deg dit!

Viss eg er skikkeleg heldig får eg eksperimentere med nye lesaroppskrifter i helga ! 



Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Verdens beste gjærdeig?

  1. Hege G sier:

    Meinar å hugsa at du skreiv eit blogginnleg for ei stund sidan om folk som bloggar på nynorsk, og då spesielt dei som har matbloggar på nynorsk. Kom til å tenkja på deg då eg kom over ein annan nynorsk matblogg nett no, og tenkte eg ville dela den me deg om du ikkje allereie har funne den 🙂
    http://www.ferdakost-no.com/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *