Asparges+ost= supert følge!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Når ein først har fått smaken på asparges, så får ein aldri nok. Som eg har sagt tidlegare, har eg vore ganske tradisjonell når deg gjeld tilbereding av asparges. Men Matbloggsentralen si aspargesutfordring gav meg mange gode oppskrifter! Min favoritt i utfordringa vann ikkje, men oppskrifta nådde uansett til topps hos meg! Oppskrifta eg deler med dykk i dag er ein slags variant av bidraget som Gry med matbloggen «Gry’s Kjøkkenskriverier» delte på Matbloggsentralen.

Dette treng du:

Ein bunt asparges

Spekeskinke eller Serranoskinke

Camembert

Grovkverna pepar

Olivenolje

Slik gjer du det:

  1. Set steikeomnen på 225 grader
  2. Skyl aspargesen og knekk stilken der den gir etter naturleg
  3. Trim nederste del av aspargesen med ein potetskrellar
  4. Legg to asparges i lag og surr rundt skinke
  5. Legg dei i ei eldfast form, slik vist på biletet øvst i innlegget
  6. Risle forsiktig over litt olivenolje og nykverna pepar
  7. Set inn i steikomnen og la aspargesen kose seg i ti minutt

Ta så den eldfaste forma ut av omnen og legg camembert mellom kvar aspargesbunt. Del camemberten alt etter kor mange aspargesbuntar du har. Det skal vere ei skive camembert mellom kvar bunt. Set forma tilbake i omnen og la stå til camemberten har smelta og fått eit gyllent preg.

Då er den herlege aspargesretten klar til servering! Dersom du skal ha det som forrett, er det nok med ein bunt til kvar. Legg den fint på fat og ha gjerne litt balsamicosirup med sidan av på fatet. Skal aspargesen etast som snacks klarer du fint å ete meir!

PS! Dersom du vil ha fleire tips til gode rettar med asparges, eller berre treng å vite litt meir om aspargesen eller korleis du skal bruke den – besøk frukt.no, som har alle svar på det du lurer på! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Salat, Smårettar, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *