Heimebaka snadderbrød

2 Flares Twitter 0 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Leila Lindholm si matbok «A Piece of Cake» inneheld meir enn berre søte kaker. Eg har prøvt mange av brødoppskriftene hennar og har lete meg imponere av kor smart ho kombinerer dei ulike ingrediensane. Brødet eg presenterer i dag heiter eigentleg «Brød med honning og kulturmelk», men då eg sette meg til å lese oppskrifta, så står der faktisk ingenting om honning! I staden for står det mørk sirup! Dette er det einaste umiddelbare minus med boka, at der er oppskrifter som ikkje stemmer. Eg har sjølvsagt sendt e-post om dette til forlaget (Cappelen Damm) utan å ha fått svar. Vel, vel…

Sidan oppskrifta og tittelen på brødet ikkje stemmer, så har eg valgt å kalle dette «Brød med mørk sirup og kulturmjølk». I boka skriv Leila at ho kom på denne brødoppskrifta ein dag ho var i sommarhuset sitt og at det sidan har vore familien sitt favorittbrød. Det kan eg godt forstå…

Til to brød treng du dette:

50 g smør

5 dl skumma kulturmjølk eller vanleg kulturmjølk

50 g fersk gjær

2 dl mørk sirup

2 ts salt

10 dl kveitemjøl

2-3 dl sikta rugmjøl

Slik gjer du det:

  1. Smelt smøret og bland det med kulturmjølka. Væska skal vere fingervarm.
  2. Smuldre gjæra i ein bolle og tilsett væska, mørk sirup og salt.
  3. Tilsett mjøl litt etter litt til deiga bind seg saman og blir mjuk og smidig. Elt inn resten av mjølet for hand.
  4. Dekk bollen med eit kjøkkenhandkle og la den heve seg til den blir dobbelt så stor. Eg legg ofte plastfolie over bollen før eg legg på eit kjøkkenhandkle, for på denne måten å bevare fuktigheita i deigen.
  5. Forvarm ovnen til 200 grader.
  6. Elt og form deigen til to leivar og bak ut to runde brød. Du kan også legge dei i brødformer, men runde brød er litt meir sjarmerande! Legg brøda på ei bakepapirkledd steikjeplate, legg over eit kjøkkenhandkle og la det heve i om lag 40 minutt.
  7. Lag gjerne eit snitt i brødet for å få ein litt meir rustikk utsjånad på brødet og dryss over kveitemjøl før du set det i omnen.
  8. Steik brøda midt i omnen i 35-40 minutt. Legg over aluminiumsfolie etter 20 minutt for å hindre at brøda vert for brune.

Det er så godt når lukta av nysteikt brød spreier seg i huset. Ungane svinsar rundt ovnen og lurer på kva tid brødet er ferdig og ventetida før vi kan byrje å skjære i brødet er ofte altfor lang! Å servere dette brødet med brunost er himmelsk…

Brødet eignar seg godt til matpakkebrød, men då det ikkje er så grovt bør det kanskje ikkje vere i nistepakken kvar dag!

PS! Leila si matbok, «A Piece of Cake» har vorte ein favoritt i heimen, både med husmorkokken og minikokken. No såg eg at dei hadde den på tilbod på Haugen bok. Klikk her om du vil kike på den eller kjøpe den. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Heimebaka snadderbrød

  1. Synnøve sier:

    Må bake idag, så dette skal eg prøve 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *