Aspargesutfordring hos Ina & Ina

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Ina og Ina er to fantastiske damer som eg er så heldig å ha fått møte. Kvar for seg er dei matbloggarar med bloggane «Mat på bordet»  og «Kjøkkentjeneste».  Men når desse to dyktige damene slår seg saman, blir dei sjølvaste «Matbloggsentralen» .

Det fine bilete av desse to damene har eg lånt på heimesida til Matbloggsentralen! 

Denne veka har dei hatt ei aspargesutfordring på Matbloggsentralen. Eg hadde tenkt å bidra med ei superenkel oppskrift (den finn du her),  men eg rakk rett og slett ikkje å få gjort det.  I staden for skal eg kose meg med alle dei herlege oppskriftene og asparges står sjølvsagt på snacksmenyen i kveld!

Eg har sjølvsagt funne min apsargesfavoritt som eg skal stemme på og kanskje er det den oppskrifta eg skal bruke i kveld.  Det er framleis ikkje norsk asparges i butikkane her, men dei spanske er stort sett veldig gode. Likevel, no lengtar eg verkeleg etter å sjå norsk asparges på butikken!

Eg likar godt asparges som tilbehør til mat, særleg grilla mat og biff. Men eg likar like godt å ete asparges som snacks eller som ein forrett. Når det gjeld oppskrifter eg brukar, så meiner eg at det enkle ofte er det beste. Eg likar ikkje å kamuflere den gode aspargessmaken med for mange andre smakar, men har funne nokre smakar som eg meiner går godt med asparges.  Av og til gir eg dei eit kjapt oppkok og kjøler dei ned i isvatn, men som oftast steiker eg dei i nokre minutt i godt smør på steikjepanna, saltar og peprar og rett på tallerkenen! Dersom eg har god spekeskinke snurrar eg det rundt, kanskje raspar eg over litt parmesan eller rislar over god balsamicoeddik.

Eg er altså rimeleg «kjedeleg» og enkel når det kjem til asparges, men alle dei flotte bidraga på Matbloggsentralen skal jammen meg få utvide horisonten min! Har DU eit godt aspargestips til meg? 

Til slutt vil eg oppmoda alle om å gå inn på Matbloggsentralen og stemme på din aspargesfavoritt! Klikk her for å kome rett til utfordringa!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Vegetar | Tagged , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Aspargesutfordring hos Ina & Ina

  1. ina sier:

    Så skjønn du er som skriver så fint om oss 🙂
    Veldig synd at du ikke rakk å komme med bidrag, men legger du igjen kommentar så har du sjanser på å vinne premie allikevel 🙂
    Tvi, tvi!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *