Fredagsfisk = torsk
Eg vart stoppa på butikken ein dag av ei dame som lurte på om eg ikkje kunne gi henne eit godt middagstips. Ho fortalde meg at ho hadde tenkt å servere fisk til middag på fredag (altså i dag), men visste ikkje heilt korleis ho skulle gjere det spennande for familien. Torske-elskar som eg er, meinte eg at ho burde kjøpe torsk og laga oppskrifta som eg publiserer i dag. Ho lurte på om eg kunne publisere oppskrifta på nytt, så det gjer eg i dag!
I denne retten har eg brukt torsk. Torsk er vanlegvis ein fisk mange kokar når dei skal ha den til middagsmat. Her i huset er vi like glade i steikt torsk.
For å lage denne retten treng du:
- nok fisk til så mange som du skal lage til (vi reknar ein halv filèt per person), helst torsk
- poteter
- løk
- kvit saus
- bacon
- grønsaker til grønsakspurè (gulrot, blomkål, brokkoli, erter, etc), i nøden kan det gå med gr.saksblanding
Slik gjer du det:
- Start med å skrelle potetene og gjer dei klar til koking. Vask og skrell grønsakene til grønsakspurèen, set dei til koking. Ta det du måtte ha av grønsaker og tenk at det skal verte nok til så mange som skal ete. Grønsakene skal vere berre akkurat møre – pass godt på. Slå av kokekrafta (ta evt vare på den til grønsakssuppe ein annan gong, då kan du godt koke den inn litt slik at smaken blir meir kraftig). La grønsakene stå og vente.
- Medan grønsakene kokar steiker du bacon i terningar eller strimlar. Ha i ein liten klatt ekstra smør når baconet er nesten ferdigsteikt.
- Lag kvitesausen. Her har eg diverre ikkje eksakte mål å gi dykk, for dette lagar eg på ein slump. Som utgangspunkt kan kanskje dette passe: ta to ss smør i ei kasserolle og smelt forsiktig, ha i mjøl til passe tjukk jamning. Spe med mjølk. Kok opp og rør heile tida. Sausen skal ikkje vere for tynn. Skjær løken i rause båtar og la den koke med sausen. La den koke ei stund slik at du blir kvitt den rå mjølsmaken. Smak til med salt, pepar, riven muskatnøtt og 1/2 ts sukker.
- No kan du lage grønsakspurèen. Slå over noko av kvitesausen, start med nokre skeier og spe evt etterkvart. Bruk stavmiksar for å gjere det om til purè. Smak til purèen, men hugs at det allereie er smak i sausen, så ver forsiktig.
- Det siste du gjer er å steikje fisken. Legg dei tørre fiskestykka på steikepanna. Bruk noko av feittet frå baconet til å steikje med. Pass på så du ikkje øydelegger den, torsk må steikast forsiktig og ikkje for mykje.