No knead-reprise!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg har fått så mange spørsmål frå lesarar og kjende som lurer på om eg kan publisere oppskrifta på no knead-rundstykka mine og det skal eg sjølvsagt gjere! Rundt midnatt i går kveld kom eg på at vi ikkje hadde brød til frukost i dag, så då brukte eg om lag tre minutt på å slenge saman deiga og VIPS – så hadde vi ferske rundstykker til frukost i dag!

Hemmelegheita med desse rundstykka er lang hevetid, få ingrediensar og lite arbeid med deigen. For å lage dei treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 1 1/2 ts salt
  • 1/4 ts tørrgjær
  • 4 dl kaldt vatn

Dersom du vil pynte dei litt kan du bruke: raspa ost, valmuefrø, kruskakli, havregryn eller andre ting du likar godt!

Bland først det tørre og tilsett så det kalde vatnet. Rør godt med ei spiseskei til alt mjølet er blanda med vatnet. Den skal vere klissete. La den stå på benken til neste morgon. Deigen blir superglad om den får heve på kjøkkenbenken i 12 timar – heilt til neste morgon!

Neste morgon står du opp før alle andre og går på kjøkkenet for å setje steikeomnen på 225 grader. Deretter dekkjer du to bakeplater med bakepapir og leitar fram deigen du sette i går. Bruk ei skei og set 12 rundstykker fordelt på to bakeplater. Det treng slettes ikkje å sjå fint ut – dei blir gode uansett. Eg dryssa over litt raspa ost før steiking. Steik dei i omlag 15 minutt, eller så lenge dei treng for å vert gylne og fine.

Har du sett noko så deilig??? Ungane meinte det var verdens beste rundstykker og eg må seie meg samd med dei i det! Og så er det så utruleg enkelt å lage dei. Eg må setje ny deig i kveld, for ungane har bestilt slike til skulemat i morgon!  Denne gongen bytta eg ute noko av kveitemjølet med kruskakli. Så lenge du held deg til 500 g med mjøl, så kan du i grunnen blande det mjølet du vil!

Det er skjønne Ina med bloggen “Mat på bordet” som er “No knead”-dronninga i blogglandia, og det var hos henne eg fann denne oppskrifta.

Det er deilig å kunne ha «søndagsfrukost» i lag med familien på ein tysdag – takk for 1. mai!!! På frukostbordet var det mellom anna kortreist røykalaks frå Toregarden på Nordre Vartdal. Laksen er røykt akkurat slik eg likar den og det er ikkje betre laks å få!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Frukost | Tagged , , , , , , , , , | 6 Kommentarer

6 Responses to No knead-reprise!

  1. Nina E. Troldmyr sier:

    De ble sykt gode!!

  2. Hilde H Volle sier:

    Hei Tove 🙂 Las om deg i Sumpen og fann fram til bloggen din. Har nettopp steikt rundstykke: Frukost til tenåringen og mellommåltid til mor. Utruleg gode – dette skal vi gjere fleire gongar 🙂

    Ha ein fin laurdag i solskinet!

    • Tove sier:

      Tusen takk for kjekk tilbakemelding! Så bra at rundstykka fall i smak! Her i huset er dei i alle fall ein hit!

      ToveHD

  3. Nyyydelig god va dei ;))

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *