Trykkokt styrkedrikk!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det skjer med jamne mellomrom at frukt vert liggande på benken utan å verte eten. Epla er for slappe, appelsinene for mjuke, druene for seige og pærene for blaute. Eg likar ikkje tanken på å kaste mat, men eg har ofte lurt på korleis i alle dagar ein kan bruke slik «nedfallsfrukt» til noko matnyttig. Bananane er greie nok, for når dei har vorte brune og mjuke så frys eg dei. Dei er perfekte å ta opp til smoothies eller banankake. Men all den andre frukta då???

Så kom eg over ein matblogg som snakka varmt om trykkoking av gammal frukt. Eg klarer ikkje å hugse kva for ein blogg det var… Dersom du les dette og veit at det faktisk var ditt tips, så må du vere så hyggeleg at du sender meg ei melding slik at eg får gitt deg kreditt her inne – for tipset var fantastisk bra!!!  Oppdatering: eg har funne ut kven eg fekk tipset av, sjå nederst i innlegget!  Denne bloggaren putta mjuk og «lite etande» frukt i trykkokaren og laga saft. Dette måtte eg sjølvsagt prøve!

 

Då eg laga denne safta brukte eg det eg hadde av frukt på benken. Alle var litt slappe og ferdige med å sjå lekre ut, så då havna alle dei fem slaga i trykkokaren! Eg brukte

  • eit eple, delt i fire
  • ein appelsin, delt i to og så stakk eg hol i skalet med ein kniv
  • ein sitron, delt i to og så stakk eg hol i skalet med ein kniv
  • ein stor neve raude druer

Du kan sjølvsagt bruke det du måtte ha av frukt (kanskje ikkje banan…). For å få til dette må du følge desse retningslinjene når du skal «møblere» i trykkokaren:

  1. Leit fram trykkokaren din
  2. Fyll den med 8-10 dl vatn (min trykkokar er stor, bruk mindre vatn om trykkokaren er liten)
  3. Set i rista som høyrer til trykkokaren
  4. Set ei glasskål opp i rista som høyrer til trykkokaren
  5. Opp i den skåla set du ei sil (mjølsikt). For å få til dette måtte eg bende til handtaket på sikta slik at det skulle passe i trykkokaren. Om du har ei sikt å ofre, så er det lurast å fjerne handtaket.
  6. Opp i sila legg du all frukta
  7. Set lokket på trykkokaren og set til koking
  8. La det heile koke under høgt trykk i 15 minutt
  9. Slå av plata og la trykket utlikne seg sjølv
  10. Ta av lokket, bruk ei skei og trykk litt på den mjuke frukta i sila. Då vil resten av krafta renne ut.

I glasskåla har du no ein styrkedrikk du ikkje har smakt maken til! La den kjøle seg ned i kjøleskapet før du smakar.

Det kan kanskje verke som om det er mykje styr å lage denne safta, men det er det altså ikkje. Og så slepp du kaste all den gode frukta! For sjølv om den ser litt trist og skrukkete ut, så er fruktsaftene akkurat like gode! Dette er ein styrkedrikk av dimensjonar, folkens – proppfull av vitaminar! Fordi eg brukte sitronar, så vart der ein litt syrleg, kanskje endå til bitter smak i safta. Safta er nok likandes for fleire om ein droppar sitronen og heller puttar i litt meir appelsin.

Dersom du er så heldig at du har ein trykkokar i hus, så må du for all del bruke den! Dersom du trykkoker litt frukt om kvelden, så kan du starte neste dag med ei skikkeleg energibombe!

PS #1: Dersom du vil ha fleire gode trykkokartips, så må du sjølvsagt ta turen innom trykkokarkongen, min gode matbloggkollega Hobbykokken

PS #2: Dersom du som kom med dette tipset les dette innlegget, så må du sende meg eit pip slik at eg får gi deg skryt på bloggen min. Eller om du som les har vore innom same bloggen som meg og veit kven som har skrive om dette før, så må du legge att melding på dette innlegget. 

Då har eg endeleg funne ut kvar eg las dette tipset først; det var hos Rune med bloggen «Konfekteriet». I ei melding til meg skriv han: «Du har heilt rett om banan – den er ikkje bra å bruka, safta blir altfor søt, og banansmaken overdøve alle dei andre gode smakane. Et lite tips til – tar du eit stykke aluminiumsfolie og brettar til ei lang remse, så legg du denne under skåla som safta samlas i og lar endane stikka opp på sida – då har du eit fint handtak til å løfta skåle opp etter.» Då har eg løyst mysteriet og fått endå eit godt tips frå Rune! Bloggen hans finn du her; Konfekteriet. Tusen takk, Rune!!!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukt, Tips og idèar | Tagged , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Trykkokt styrkedrikk!

  1. Rune sier:

    Hei Tove, dette hørtes kjent ut 🙂 Var det kanskje mitt tips du leste – http://konfekteriet.matprat.no/2012/04/11/juice-i-trykkoker/
    Du har heilt rett om banan – den er ikkje bra å bruka, safta blir altfor søt, og banansmaken overdøve alle dei andre gode smakane.
    Et lite tips til – tar du eit stykke aluminiumsfolie og brettar til ei lang remse, så legg du denne under skåla som safta samlas i og lar endane stikka opp på sida – då har du eit fint handtak til å løfta skåle opp etter.

  2. Hei, Tove!

    Kjempefint at du skriver om dette – jeg har prøvd det selv noen ganger allerede, ja. Den som skrev om det først var:

    http://www.hippressurecooking.com/2011/08/blackberry-italian-soda-from-your.html

    og så var det Rune som skrev om det:

    http://konfekteriet.matprat.no/2012/04/11/juice-i-trykkoker/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *