La ungane lage isen sin sjølv!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Ungar kunne heilt sikkert ha ete is døgnet rundt om dei fekk lov! Det er likevel ikkje all is som er sunn is, og det er ikkje all is som er god is. Vi har ei kokebok for barn som minikokken (snart 5) har lese frå perm til perm fleire gongar. Isoppskrifta i boka har vorte ein favoritt i heimen, fordi den kan varierast i massevis! Noko av det eg likar best med oppskrifta er at den er så enkel at ungane kan klare å lage den sjølv. Dei må nok ha litt hjelp til å bruke handmiksaren (i alle fall dei minste borna), men utover det klarer dei dette fint sjølve. Og det er ingenting som er meir stas når ein er 4-5 år, enn å servere mat ein har laga sjølv! Oppskrifta eg presenterer i dag er «laurdagsvarianten». Til kvardags brukar vi stort sett frosne bær eller fruktbitar i isen. For å lage denne isen treng du: 1 stort beger yoghurt naturell 1.5 dl fløte 30 gram melis 1 lita skål med knuste kjeks 1 lita skål med små marshmellows eller rosa skumputer 1 lita skål med fudgekarameller (eller du byttar kjeks, marshmellows og fudgekarameller med frukt/bær)   Slik gjer du det: Start med å slå fløten i ei stor skål. Bruk eit mjølsikt og dryss i melisen. Pisk kremen så stiv at du kan lage toppar i kremen. Pass på at det ikkje vert for stivt. Etter å ha piska fløten stiv slår du i heile begeret med yoghurt (dersom du brukar frukt eller bær i isen, kan du godt bruke ein vanleg yoghurt med fruktsmak). Bland alt godt. Slå i dei tre skålene med kjeks, marshmellows og karameller. Så må det heile blandast godt på nytt. Slå ismassen i ei passeleg plastboks med lokk. Eg brukte ei avlang Tupperware-boks og den var heilt super til dette formålet! Set isen i fryseboksa i minst fire timar før servering. Ta ut isen 10-15 minutt før servering slik at den får mjukne litt. Løsne rundt kantane og slå den over på ei skjærefjøl. Del deretter opp i passelege serveringsstykke. Eg hadde tenkt å bruke isskei, men fekk det ikkje heilt til. Dessutan syntest eg at snittflatene vart så fargerike og flotte å sjå på! Server isen i fargerike skåler, plastglas eller lag kuler og ha dei i kjeks. Isen smakar absolutt best om den får verte litt temperert.   Denne oppskrifta er utruleg enkel og ein kan trygt setje ungane i gong på kjøkkenet. Den kan sjølvsagt varierast på mange måtar:

  • Som kjeks kan du bruke Gullvafler (eg brukte sjokoladevarianten), Oreo, Maryland cookies etc.
  • Du kan bruke minimarshmellows eller skumputer som du får i smågodtdisken.
  • Bruk vaniljeyoghurt i staden for naturell
  • Bruk yoghurt med smak og tilsett frukt i staden for snop
  • Som snop kan du bruke alt mogleg; Non Stop, hakka sjokolade, hakka twist, knust tyrkisk pepar, lakriskbitar etc.

Det fine med denne isen er at du kan lage den heilt sukkerfri om du vil! Om du brukar yoghurt naturell, sløyfer melisen og brukar frukt eller bær, så har du ein is som verkar søt sjølv om der ikkje er tilsett sukker. Banan gir fin søtsmak til isen, så du må gjerne bruke det. Håper vi får mange flotte iskremdagar i sommar!!!

PS! Kokeboka vi har brukt heiter «Tøff mat for gutter og jenter». Det er ei svært god kokebok om ein har lyst at ungane skal få sleppe seg litt lause på kjøkkenet. Den har gode illustrasjonar og oppskriftene er lette å forstå. Eg har nettopp sjekke på Haugen bok, og dei har den til kr. 99,. LØP OG KJØP! Det er forresten ei super gåve å gi til små minikokkar! Klikk her for å kome direkte til boka på haugenbok.no. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Ingrediensar, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *