Aspargestid!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Av og til skal ein berre setje seg ned og kose seg med god mat utan å ha stått lenge ved kjøkkenbenken. Det treng ikkje vere så pretensiøs mat, eller eksklusiv mat, eller dyr mat. Når eg treng litt kveldssnacks vil eg gjerne ha noko som går fort og lage og som er sunt. Asparges er ein av mine absolutte kveldssnacksfavorittar!

I kveld var eg heime åleine. Minstemor hadde lagt seg og papsen og storeungane var her og der på aktivitetar.  Allereie på fredag kjøpte eg asparges og hadde planar om å ha det som tilbehør til middag. Då ungane ville ha heimelaga pizza passa det ikkje heilt med asparges… Sidan har det skjedd noko kvar kveld og planar har vorte endra, så eg har ikkje hatt tid til å ete dei. Asparges kan fint oppbevarast nokre dagar i kjøleskap. Dei trivast best når dei får ligge mørkt i 7-10 grader, så svaldelen av kjøleskapet er best eigna for oppbevaring av asparges.

Så når stilla hadde senka seg i heimen tilberedde eg aspargesen min. Eg laga den klassiske varianten; steikt i smør på steikepanna og krydra med maldonsalt og grovkverna pepar. Kutt eller brekk av den trevlete delen deraspargesen  gir naturleg etter,  ca. 3 cm opp fra botnen. Skrell den nederste delen av aspargesen, om lag opp til midten. Legg så aspargesen i ei panne med smelta meierismør.  Eg brukar litt sterk varme til å byrje med og så skrur eg ned for at den ikkje skal verte altfor steikt. Eg krydrar undervegs og let aspargesen rulle rundt i smøret.

Når aspargesen er ferdig (ta ein ut av panna og smak på den, den skal vere litt fast i den tjukke delen), legg du dei på tørkepapir slik at det smelta smøret får renne av. Du kan ete dei akkurat som dei er eller du kan ha litt tilbehør til. Eg likar godt å surre rundt spekeskinke. Det kan godt vere spekeskinke frå Stranda – kortreist mat er bra mat!Om eg vil ha litt ekstra smak serverer eg dei med graslauk. Anten knytt rundt skinka eller så drysser eg litt finhakka graslauk over rett før servering.  Men når det er sagt, så treng ein slettes ikkje anna tilbehør enn salt og pepar.

Når eg et dei har eg ei lita skål med balcamicoeddik ved sidan av som eg dyppar aspargesen i. Det kan hende proffane ikkje er samde i at dei kan etast slik, men i min gane smakar det godt. Og på ein-to-tre har eg eit nydeleg, lite kveldsmåltid som både mettar litt og smakar godt.

Eg måtte som vanleg ut og fotografere maten (eg veit, vi matbloggarar er litt rare slik, he, he…), for lyset inne var for dunkelt.  Eg har ei gammal takhelle i skifer som ofte må vere med når eg tek matbilete.  Det litt rustikke underlaget gir fin bakgrunn og kontrast til maten. Eg skal på ingen måte skryte på meg å vere ein flink matfotograf, men eg er oppteken av at maten skal sjå fin og delikat ut når den skal publiserast på bloggen.  Og ikkje minst; lesarane mine må SJÅ kva det er eg eigentleg tek bilete av.

Sist eg traff dei andre matprat-bloggarane, spurte Hobbykokken Olav om utsikta på bileta mine verkeleg var frå huset vårt. Og det er det! Eg er superheldig og bur på verdens vakrast stad og eg brukar utsikta som bakgrunnsteppe på bileta mine så ofte eg kan! Bileta over kan kanskje sjå svært så vakre ut, men i dag dristar eg meg til å vise litt av alt som er rundt meg når eg tek bilete. Det er ikkje berre vakker utsikt…

Aspargesen ligg der så vakker som berre det, og sameleis utsikta! Men det glade kaos som rådar rundt er sjølvsagt ikkje tema når eg tek bilete til bloggen! Men i dag måtte eg berre vise ein liten sneak peak på korleis det er i kulissene når eg tek bileter til bloggen!

Kos deg med god asparges ein kveld – snart kjem den norske!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Smårettar, tapas, Tips og idèar, Vegetar | Tagged , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Aspargestid!

  1. Tilbaketråkk: Aspargesutfordring hos Ina & Ina | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  2. Tilbaketråkk: Ny 3-retters på familieverden.no | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *