Kulturmjølkbrød a’la Leila

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

For nokre dagar sidan fekk eg boka “A Piece of Cake” av Leila Lindholm i posten (boka finn du her). I tillegg til gode kaker, er der brødoppskrifter som eg med ein gong såg eg likte. I helga har vi difor prøvt oss fram med ulike typar brød; nokre har vi laga akkurat som det står i oppskrifta, medan andre har vorte tilpassa litt. Dette brødet heiter enkelt og greitt “Kulturmjølkbrød” og er av typen deig som ikkje skal eltast for hand eller bakast ut. Det er berre å slå det rett i forma når alt er blanda. Det er heller ikkje gjær i brødet, berre bakepulver og natron. Enklare kan det ikkje verte!

Eg brukte desse ingrediensane:

4 1/2 dl kulturmjølk

1 dl mørk sirup

1-2  dl tørka aprikos eller fiken

1 dl hasselnøtter

2 dl havregryn

3 1/2 dl grovt rugmjøl

3 dl kveitemjøl

1 dl knuste linfrø

1 dl solsikkefrø

1 1/2 ts salt

1 1/2 ts bakepulver

1 1/2 natron

1/2 ts anisfrø

Om du vil lage brødet litt meir eksotisk, kan du tilsette desse ingrediensane i tillegg:

1/2 ts spisskumfrø

1/2 ts korianderfrø

1/2 ts fennikelfrø

1 dl rosiner

Slik gjer du det:

  1. Forvarm omnen til 200 grader.
  2. Bland kulturmjølk og sirup i ein bolle.
  3. Hakk frukta og nøttene skikkeleg grovt, bland dette evt med rosiner og så blandar du alt dette med dei tørre ingrediensane. Rør så alt inn i kulturmjølka.
  4. Legg bakepapir i ei brødform slik at det stikk ut over kantane.
  5. Hell røra i forma, strø havregryn på toppen og steik brødet midt i omnen i ca 45 minutt.

Så enkelt er det altså. Leite fram ingrediensane, hakke det som hakkast skal, blande det hakka med det tørre og putte alt i hop i ei skål i lag med kulturmjølk. Bland alt godt og slå i ei brødform. Og så er det heile gjort! Det skal ikkje ein gong heve!

Om du vil variere litt, kan du nokre gongar bruke både mandlar, valnøtter eller pekannøtter, andre gongar kan du bruke rårørte tyttebær eller frukt. Neste gong skal eg prøve med tranebær i staden for rosiner.

Medan brødet steikjer kan du ta oppvasken, gå tur med hunden, sykle ein tur i lag med ungane eller rett og slett slappe av med ei avis eller ei god bok.

Det som er med slike “fruktbrød” er at dei kan verke litt tunge. Og det er dei. Tunge og saftige. Og mektige.  Du har kanksje nok med ei brødskive. Finn fram litt godt pålegg og kos deg med alle smakane.  Eg kan nesten garantere at dette pålegget hadde fungert godt på dette brødet:

  • godt moden brie
  • ruccola
  • raud paprika
  • nykverna pepar
  • pittelitt raud lauk
Eg hadde verken det eine eller det andre i dag, så då fekk det halde med vanleg kvitost. Det var minikokken som skulle ordne med smøret, og som du ser vart det eit raust lag med smør, ja….
“All sorrows are less with bread.”
Miguel de Cervantes, Spanish author. (1547-1616)

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Ingrediensar, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Kulturmjølkbrød a’la Leila

  1. Åsne-Marit says:

    Nam nam! Nybakt brød med kvitost er godt! Og jeg er helt enig i at det sikkert hadde vært godt med brie + tilbehør og 🙂

  2. Gunnhild says:

    Heisann! Tenkte eg skulle prøve denne i dag. Har to brød i omnen no… Eg sette i gong litt for kjapt, og fann ut litt for seint at eg ikkje hadde meir rugmjøl igjen. Men, eg har prøvd med litt grovt speltmjøl. Går vel bra vel får vi håpe 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *