Banoffee pai

4 Flares Twitter 0 Facebook 4 Pin It Share 0 Filament.io 4 Flares ×
Print Friendly

Same året som eg vart fødd, 1972, sat der to karar på ein restaurant i England og eksperimenterte med dessertkaker. Ian Dowding og Nigel MacKenzie ville så gjerne tilby ein ny dessert til kundane sine, og dermed vart Banoffee Pai å finne på menykartet til «The Hungry Monk». Retten er ein kombinasjon av paideig (shortbread crust), karamell, banan og krem.

Dette treng du:

Til botnen:

250 g digestive kjeks

100 g smør

…eller…

paideig (ferdig eller heimelaga)

(Eg måtte kjøpe halvfabrikert paideig, for kjøkkenmaskina mi er framleis øydelagt og eg er ikkje imponert over Expert si serviceteneste, grrrrr…. Om nokon vil sponse meg med ny kjøkkenmaskin så blir eg strålande glad, hi, hi! Eller så må Expert skjerpe seg!)

 

Til karamellen (dulce de leche):

175 g smør

200 g sukker

1 boks Vikingmelk (kondensert, usøta)

 

2-3 bananar (i skiver) og 2-3 dl fløyte (piska) til pynt

Slik gjer du det:

Til botnen: smelt smøret, knus kjeksa og bland dei.  Trykk dei ned i ei paiform . Om du lagar paivarianten: la paiskalet avkjøle seg heilt.

Til karamellen: Smelt smøret i ei gryte og tilsett sukkeret. Bruk middels varme og rør heile tida. Sukkert skal løyse seg opp i smøret. Slå i Vikingmjølka og rør heile tida medan det kokar opp. La det småkoke i ca 45 minutt. Karamellen skal tjukne godt, men må ikkje verte for fast. Når den er ferdig set du den til avkjøling. Den vil også tjukne ein smule medan den står til kjøling.

Ta den avkjølte paibotnen eller kjeksbotnen og slå den kalde karamellkremen over. Fordel bananskivene over karamellen  og piska krem over til slutt. For å pynte litt på den kan du raspe over sjokolade (bruk gjerne potetskrellar på kald sjokolade).

Dette er ein dessert der mykje av arbeidet kan gjerast på førehand. Paideigen kan du lage ferdig dagen før og la stå i kjøleskapet. Karamellen kan faktisk stå i 3-4 veker i kjøleskapet om den står i boks med tett lokk. Dermed så går det rimeleg kjapt å montere denne desserten.

Denne herlege dessertkaka tok vegen frå «The Hungry Monk» i Jevington, East Sussex, til middagsbordet vårt i går og vi kan trygt slå fast at det ikkje vart siste gongen!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Banoffee pai

  1. Helene sier:

    Mmmm, denne så aldeles nydelig ut! Gleder meg til å teste ut oppskriften! 🙂

  2. Tilbaketråkk: KAKESPESIAL – 10 favorittar! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *