Pannekaker med blåbær – ekte matglede!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det er absolutt ingen kunst å lage pannekaker. Som matbloggar burde ein kanskje by på litt meir avanserte oppskrifter, men i mine auge er kvardagsmaten like viktig som dei finaste gourmetmåltid!

Sjå berre for deg følgande: ungane kjem heim frå skule og er skrubbsvoltne. Ei god venninne er med heim og lurer på kva vi skal ha til middag i dag. Pannekaker, svarer eg og ser augene på alle fire ungane stråle. Fantastisk at så enkel mat kan gi så stor matglede!

Det er fort gjort å lage røra, ingrediensane har ein som regel alltid i hus. Har ein lite mjølk, kan ein godt bruke litt vatn. Vil ein ha det sunnare kan ein tilsette litt grovt mjøl. Sukker i røra er unødvendig, då eit lite sukkerdryss på den ferdige pannekaka er prikken over i’en!

Denne dagen har vi blåbær. Store, gode og ferske blåbær. Slettes ikkje norske, men dei smakar haust og fjell… Og ungane får så masse blåbær dei vil! Nokre blåbær forsvinn i barnemunnar medan mamma steikjer og det er kanskje desse blåbære som smakar best…

Fata står klar på benken og måltidet byrjar så snart der er nok pannekaker slik at alle får to kvar. No er det fem ungar kring bordet. Medan eg står på kjøkkenet og steikjer høyrer eg den gode praten kring matbordet på spisetova. Dei sukrar, pyntar med blåbær og kosar seg med verdens beste pannekaker. Det går ikkje lenge får eg høyrer ropa om meir. Har du meir pannekaker??? Eg steikjer alt eg er god for og pannekakekøa ved benken veks.  Venninna som er på besøk ser litt rart på meg når eg ligg langflat på benken for å fotografere ei pannekake med blåbær, men forstår raskt at det er viktig for matabloggarar å ta fine bilete!

Tips: Steik pannekaka på eine sida, dryss på blåbær og snu den. Steik vidare til pannekaka er ferdig. Varme blåbær er gode blåbær...

Dei fem munnane er metta og eg og papsen nyt ein velfortent pannekakemiddag i fred og ro. Ingen sakna baconet. Ingen lurte på om dei ikkje fekk smør på pannekakene sine. Men alle snakka om blåbæra. Og om kor kjekt det var å ete middag så mange i lag.

Er det ikkje dette matglede handlar om? Det treng ikkje vere verken avansert eller eksotisk; det viktigaste er at gjestane går mette og nøgde frå bordet. Om dei har hatt det kjekt under måltidet er sjølvsagt ein bonus. Og det hadde dei fem middagsgjestane mine det denne dagen. Med smilande blåbærmunnar kom dei og takka for maten, før dei sprang ut og leiken tok over.

For eit herleg måltid…

Det er sjeldan eg brukar oppskrift når eg lagar pannekaker, men her har du ei superenkel pannekakeoppskrift (eg har kopiert den frå denne nettstaden):

  • 4 egg
    3 dl sikta kveitemjøl
    1/2 ts salt
    5 dl mjølk
  1. Bland saman 3 dl mjøl og ½ ts salt.
  2. Tilsett 2 dl mjølk og rør til mjølka har blanda seg med mjølet. Tilsett 2 dl mjølk til og rør til du har fått ei halvtjukk røre. Tilsett så resten av mjølka og egga.
  3. Hvis du har tid, sett røra til side og legg eit kjøkkenhandkle over bollen i 30 min. (kan stå lengre om du ynskjer det). Dersom du har lyst på litt søte pannekaker kan du tilsette 1-2 ts med sukker.
  4. Sett på steikepanna og smelt litt smør.
  5. Hell i nok røre til at røren akkurat trekkjer seg ut i kanten av stekepanna, og snu pannekaka når røra har stivna på oversida.

Serveringstips: Bacon, sukker, syltetøy, sjokoladesaus. (Ikkje alt på ein gong…).


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Egg, Frukost, Smårettar, Søt dessert, Tips og idèar | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *