Gulekake med søt vri!

9 Flares Twitter 0 Facebook 9 Pin It Share 0 Filament.io 9 Flares ×
Print Friendly

Påska er rett nok over for denne gong, men det går an å lage gule kaker likevel! «Gulekake», som vi seier på Sunnmøre, er ei kake eg tidlegare har prøvt å lage – men ikkje lukkast med. Det er den gule kremen som har vore vanskeleg. Eg har laga den varianten der kremen skal koke, for eg er ikkje så glad i den gule smørkremen. Problemet mitt har sikkert vore at eg ikkje har teke meg god nok tid når eg har laga fyllet.

Veka før påske var eg på klubb med gode venninner og vertinna hadde laga ei nydeleg kake ( i tillegg til deilig tapas). Den var ein variant av gulekake og sjokoladekake. Kaka var nydeleg og eg let meg inspirere (takk, Ellinor!!!).

I påska prøvde eg å lage ei slags gulekake med sjokoladefyll på toppen. Utgangspunktet var Suksessterte, så hadde eg gulekrem og nydeleg sjokoladekrem på toppen. Kaka vart servert då eg hadde bror min med familie på middag 1. påskedag og den smakte nydeleg!

Ingrediensar til botnen:

300 g melis

6 eggekvitar

300 g kverna mandlar

Ingrediensar til eggekremen:

6 eggeplommar

125 g sukker

1 dl mjølk/fløte

1 ts vaniljesukker

125 g smør (smelta, kaldt)

Ingrediensar til sjokoladefyllet:

2 plater lys kokesjokolade

150 gram smør

1/2 dl sterk kaffi

1 egg

75 g melis

 

Slik gjer du det:

Mandelbotn: Rør melis og eggekvitar saman. Du må piske godt, men det treng ikkje å verte stiv marengs. Kvern mandlane og ha dei i marengsen. Steik på 200 grader i rund kakeform, om lag 40 minutt. 

Eggekrem: Smelt smøret og set det til avkjøling. Ha eggeplommar, sukker, mjølk/fløte og vaniljesukker i ei gryte og varm opp til kokepunktet. Bruk svak varme og rør heile tida. Eggekremen treng mykje omsorg! Få kremen opp til kokepunktet.  Når du ser at den kokar og har tjukna (det går fort), så tek du panna av plata. Tilsett det avkjølte smøret og rør godt. Om du skulle oppleve at eggekremen skil seg, kan du slå i ein tynn stråle med kaldt vatn og røre godt. Om ikkje dette heller hjelp, kan du lage ei maizenna-jamning og spe med den. Set kremen tilbake på plata og la koke litt for å få vekk råsmaken av maizenna og så tjuknar kremen.  La eggekremen få kjøle seg ned medan du rører med jamne mellomrom. 

Sjokoladekrem: ha sjokolade, smør og kaffi i ei glasskål som du set i vannbad. Rør i blandinga til alt er smelta. Om glasskåla står i vannbad i ei panne på komfyren, må du passe på så det ikkje blir for sterk temperatur. Då vil sjokolade verte «steikt» i botnen av skåla. Medan dette står og smeltar piskar du eggedosis av egg og melis. Ta sjokoladeblandinga ut av vannbadet og slå over i eggedosisen. Rør eggedosis og sjokoladekrem godt saman og set i kjøleskapet for avkjøling. Rør med jamne mellomrom. Fyllet skal vere passe stivt før du har det på kaka. PS! Det er ikkje lov å smake undervegs, for dette fyllet smakar fantastisk godt!

Sjå så lekre eggekartongar dei har på Rema 1000! Eg elskar lyseblått!

Når mandelbotnen er kald legg du den på eit kakefat. Ha først på eggekremen og smør den ut over kaka. Deretter tek du sjokoladekremen og fordeler over eggekremen. Dersom den har vorte for tjukk til at du kan handtere den, kan det reparerast med nokre få sekund i mikroomnen eller ei lita stund i romtemperatur.

No må du setje kaka kaldt, helst i kaketine, slik at kaka ikkje tek til seg smak frå det som i kjøleskapet eller kjøleromet. Tupperware sine kaketiner er absolutt best. Kaketina finn du her, i katalogen på s. 18 og 19. Før du skal servere kaka kan den gjerne få stå på benken ei stund slik at den vert temperert. Smakane på dei to kremane kjem betre fram då. Kaka er mektig, så det er ein liten sjanse for at du løyver ein bit eller tre etter at du har severt gjestane dine. Då kan du trøyste deg med at kaka står seg fleire dagar i kjøleskapet.

GOD FORNØYELSE!

No blir det forresten litt stillstand på kjøkkenbenken min. Eg har operert foten min i dag og må halde meg i ro lenger enn eg har lyst til… Bloggen vil likevel verte oppdatert, for no kan eg blogge og bruke tid på data så mykje eg vil! Det vil derimot ikkje verte så mange nye oppskrifter, men heller repriser, blogganbefalingar, matvideoar m.m. 

Håper du tek deg tid til å stikke innom kjøkkenbenken min av og til! Og så blir eg veldig glad om du legg att ein kommentar eller eit spørsmål til meg! 

Kjøkkenbenken på Facebook finn du her. Kjøkkenbenken på Twitter finn du her.  Om du følger meg, følger eg deg!  Eg blir med andre ord å finne på sosiale medier ei stund framover, he, he….

(Oppskrifta på gulekaka fann eg i eit blad for fleire år sidan og oppskrifta på sjokoladekremen har eg fått med mamma)

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Gulekake med søt vri!

  1. Astrid sier:

    Kva størrele brukar du på kakeforma til denne oppskrifta?

    • Tove sier:

      Eg brukar ei form som er 24 cm. Har også prøvt med 26 cm, men det er den minst eg brukar oftast.

      ToveHD

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *