Reinsdyrsteik i to variantar

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Matprat.no hadde ei utfordring som gjekk ut på å lage noko godt med reinsdyrkjøt. Eg hadde sjølvsagt tenkt å vere med på det, men det viste seg å vere vanskeleg å få tak i reinsdyrkjøt. Då kjøtet endeleg kom var konkurransen over, men eg laga sjølvsagt det eg hadde tenkt likevel. Sidan eg verken har tilberedt eller smakt reinsdyrkjøt før, tenkte eg det var best å halde seg til steik. Eg kjøpte to steiker og laga dei til på to forskjellige måtar.

Etter å ha rådført meg med den dyktige kokken på Mega i Ørsta, Tore Vinjevoll, så fann eg ut at eine steika skulle tilberedast på tradisjonelt vis, med salt og pepar som einaste krydder. På denne måten får kjøtet sine smakar verkeleg kome til sin rett.

Den surra steika vart først bruna i meierismør på steikjepanna. Det er viktig at alle sider av steika vert forsegla og bruna, også endane! Etter at eg hadde bruna ferdig steika fekk den kvile seg litt før eg krydra. Einaste eg krydra med var salt og pepar, som vart gnidd godt inn i steika. Derettar la eg steikja i ei eldfast form, slo på litt vatn og så var den klar for steikovnen.

Den andre steika måtte eg sjølvsagt eksperimentere litt meir med. Den vart fyrst behandla på same måte som den tradisjonelle steika; den vart godt bruna og forsegla i steikjepanna før eg krydra den med salt og pepar. Medan den fekk kvile litt laga eg ein marinade basert på blåbær. Alle ingrediensane til marinaden vart putta i ei gryte og varma opp til kokepunktet (skal ikkje koke).  Så slo eg den over i ei eldfast form. Dette brukte eg i marinaden:

  • ein pose frosen blåbær frå butikken
  • 1 1/2 dl rødvin
  • 4 ss soyasaus
  • salt
  • pepar
  • 1 ts sukker
  • 1 ts rosmarin

Steika vart lagt i den eldfaste forma i lag med marinaden. I løpet av steikjetida snudde eg steikja nokre gongar slik at alle sidene fekk ligge i marinaden.

Begge steikene vart sett i steikeovnen på 175 grader. Kor lenge dei skal steikje vil variere med størrelsen, men bruk steiketermometer. Når termometeret viser om lag 65 grader er steika ferdig (eg likar den ikkje så godt rosa…). Eg tok ut steikene, pakka dei inn i aluminiumsfolie og lot dei kvile under eit klede på benken. Krafta som låg att i formene vart teke vare på og brukt som base i sausen. For å få minst mogleg grums i sausen silte eg krafta gjennom eit kaffifilter som låg i ei sil. Då fekk eg ei klar, fin kraft. Krafta av blåbærmarinaden vart også silt, men då utan kaffifilter. Krafta frå begge steikene vart blanda til slutt (eg brukte ikkje blåbæra).

Steika til høgre i biletet er den som låg i blåbærmarinade. Du ser at den er mørk i kantane.

Slik laga eg sausen:

Først laga eg jamning av kveitemjøl og smør (ein god klatt smør og 2 rause spiseskeier kveitmjøl). Då dette var godt rørt saman tilsette eg krafta (6-7 dl) og litt fløte (2-3 dl). Dette fekk koke i ti minutt. Dersom sausen er for tjukk kan du tilsette meir kraft eller litt meir fløte. Er den for tynn, må den få koke meir slik at den kokar inn og tjuknar av seg sjølv.  Det mest spennande med denne sausen var i følge ungane at den vart blå! Krafta frå blåbærmarinaden var kraftig og flott og sette ein spennande farge på sausen. Pass på at sausen har god nok smak før du serverer, tilsett gjerne litt meir salt eller pepar.

Steika vart skoren i skiver og anretta i lag med smørdampa grønsaker. Eg brukte gule gulrøter (er det påske, så er det påske!), brokkoli og purre. Eg hadde litt vatn i botnen av ei panne i lag med ein god klatt meierismør, deretter hadde eg i rause bitar av gulrot. Desse fekk dampe/koke i 5 minutt før eg la over resten av grønsakene. Desse vart då dampa på toppen av gulrøtene. Det tok om lag 10 minutt før dei var perfekt dampa!

 

Som tilbehør til reinsdyrsteikene serverte eg gylne hasselbackppoteter med litt ost på toppen. Oppskrifta på hasselbackpoteter finn du her, på matprat.no sine sider. Eg brukte berre salt og pepar som krydder og eg steikte dei litt lenger enn det oppskrifta seier. Eg pensla potetene med smelta smør, salt og pepar fleire gongar under steikjeprosessen.

 

I tillegg fekk middagsgjestane servert tyttebærsylte a’la Tove, endå eit eksperiment som viste seg å verte vellukke. Dersom du vil lage den spennande tyttebærsylta med smak av stjerneanis, så finn du den her.

 

Frå å vere heilt ukjend med reinsdyrkjøt, har eg no vorte heilfrelst. Kjøtet var mørt og eg likte det mykje betre enn hjort. Det var ikkje særleg mykje smaksforskjell på dei to steikene, sjølv om dei vart tilberedt på ulik måte. Eg vil likevel gjere det på same måte neste gong, for det vart så utruleg god saus når eg brukte blåbærmarinaden.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt | Tagged , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Reinsdyrsteik i to variantar

  1. Synnøve sier:

    Må prövast absolutt…
    Reinsdyrkjött er godt. Har elg i fryseren da, men det er ikke helt detsamme.
    Takk for god oppskrift.
    Synnöve.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *