Tyttebærsylte med stjerneanis

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Tyttebærsylte er brukt som tilbehør til kjøt og fisk. Dersom du ikkje er ivrig tyttebærplukkar, så får du tak i sylta på butikken. Eg er ingen ivrig bærplukkar , men er så heldig å ha svigerforeldre som kvart år er på gode tyttebærplassar og fyller bøtter og spann. Det er sjeldan eg kjøper tyttebærsylte, for det er så utruleg enkelt å lage sjølv.

Eg har prøvd meg på ein variant av tyttebærsylte som eg slettes ikkje har prøvd før. Det er kanskje litt risikabelt å eksperimentere når ein skal ha gjestar til bords, men det vart takk og lov svært vellukka. Ingrediensen som gjer det heile litt annleis er stjerneanis. Tyttebærsylte med stjerneanis passar utmerket til alle typer viltkjøt.

Dette treng du:

2 fulle kruser frosne tyttebær

2 dl vatn

2 dl sukker

1 stk stjerneanis

Slik gjer du det:

  • Aller fyrst må du koke sukkerlake: ha sukker, vatn og stjerneanis  i ein kjele og kok opp. Rør med jamne mellomrom. Sukkerlaken skal tjukne. Når du ser den har vorte seig og klissete slår du i eine krusa med tyttebær. La den frosne bære og sukkerlaken få blande seg. Mest truleg vil du oppleve at det vert altfor tjukt og at det kanskje sukrar seg.
  • Set det tilbake på plata for å varme seg opp att. Slå evt på pittelitt meir vatn om du meiner det vert for tjukt. La det småkoke i om lag 10 minutt. Slå blandinga over i ei sil og la laken renne av. Slå bæra i ei skål, ta ut stjerneanisen og tilsett den andre krusa med frosne bær. Køyr med ein stavmiksar til alt er godt blanda.
  • Sylta har mest truleg fin konsistens no, men om du meiner den er for tjukk kan du tilsette litt av laken du har sila av.
  • Slå sylta over i ei fin skål og sett direkte på bordet. Pynt gjerne med stjerneanisen på toppen.
  • Laken som du har silt av kan du koke inn og bruke som sirup på is eller anna dessert.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Middag - fisk, Middag - kjøt, Tips og idèar | Tagged , , , | 4 Kommentarer