Salsa med grilla paprika og kvitløk

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Dette er oppskrifta på ein basis-salsa som kan brukasta til det meste. Eg serverer den til fisk, kylling, på bruschetta, til foccacia (av og til i foccacia òg!) og salsaen har sjølvsagt sin naturlege plass på tapasbordet! Oppskrifta, som er typisk for sørstatane i USA, fann eg på ein nettstad for mange år sidan. Eg meiner det er den eksentriske kokken Paula Deen som har komponert den.

Dette treng du:

4 raude paprika

1 ss olivenolje

1 lite glas soltørka tomat (om lag 1/2 kopp)

3 ss finkutta, fersk basilikum

1 ss balsamico eddik

3 fedd kvitløk, finhakka eller raspa

1/2 ts salt

1/2 ts finhakka, fersk rosmarin

1/4 ts grovmalt pepar

Slik gjer du det:

  1. Del paprikaen i to og ta ut det kvite og alle frøa. Legg paprikaen på eit bakebrett  og set under grillen i ovnen i om lag 12-15 minutt. Eg brukar grillfunksjon og set omnen på 250 grader. Paprikaen er ferdig når skalet er mørkt/brent.
  2. Når paprikaen er ferdig legg du den i ein zip-lock-pose eller på eit brett med plastfolie over. La stå i 10 minutt, ta så av alt skalet. Pass på at du får vekk mest mogleg av det som er mørkt. Skjær paprikaen i bitar og legg i ei skål. Risle over 1 ss olivenolje, set til side.
  3. La oljen renne av dei soltørka tomatane (dersom du brukar tørka, må du slå over kokande vatn, la det trekke i 3 minutt, slå  av vatnet). Hakk tomatane i passe små bitar.
  4. Rør saman paprika, tomat, basikikum og dei andre ingrediensane. Ha salsaen på glas med lokk og set i kjøleskapet. Det beste er om salsaen får stå 2 dagar i kjøleskapet før du brukar den. Då har smakane fått sett seg skikkeleg. Smakar best om den er romtermperert når du serverer den. I morgon kjem ei oppskrift på fylt foccacia, der denne salsaen er ein av ingrediensane som er i foccaciaen.

God langfredag til alle!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Pasta, Pizza, Salat, Smårettar, tapas, Tips og idèar | Tagged , , , | 1 Kommentarer

One Response to Salsa med grilla paprika og kvitløk

  1. Tilbaketråkk: Fylt foccacia | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *