Fylt foccacia

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg må berre innrømme det med ein gong; vi lagar MYKJE foccacia her i huset. Både store og små elskar dette spennande brødet som kan varierast i det uendelege! Det vert brukt som tilbehør til anna mat, til nistemat (delt i to med godt pålegg i midten), som snacks eller som turmat. I dag laga vi foccacia etter ei oppskrift i boka «Ti fingre i deigen». Dette er ei bakebok for born og det er Linda Collister som har skrive den. Forfattaren er utdanna Cordon Bleu-kokk og har studert ved La Varenne i Paris. I tillegg har ho undervist i matlaging på barneskular.

Oppskrift på fylt foccacia (eit stort brød, langpanne)

Til deigen:

700-800 g kveitemjøl (ikkje ha i alt mjølet med ein gong)

1 pose tørrgjær

1 1/2 ts salt

1 ts tørka urteblanding eller Provencekrydder

4 1/2 dl lunka vatn

2 ss olivenolje

1 ss honning (kan sløyfast)

Bland alt det tørre, spe så med vatn, olivenolje og evt honning. Bruk ei kjøkkenmaskin og elt i om lag fem minutt. Dersom du gjer det for hand må du nok jobbe godt med deigen i 15 minutt.  Deigen må ikkje vere for kompakt, så vent med å ha i alt mjølet til du ser om du treng det. Legg eit fuktig kjøkkenhandkle eller plastfolie over deigen og la den heve 30 minutt. Medan deigen hevar lagar du klart ingrediensane til fyllet.

Til fyllet:

Her kan du sjølvsagt bruke det du likar aller best. I dag brukte eg serranoskinke, soltørka tomat, salsa av paprika/kvitløk og fetaost.  Eg skar ikkje opp skinka, men brukte den i skiver. Om du vil bruke oppskrifta på salsaen min finn du den her.


 

Slik lagar du foccaciaen:

Etter at deigen har heva slår du den ut på bakebordet, kna deigen godt  og del den i to. Smør ei langpanne med olivenolje og ta eine halvparten og trykk den utover langpanna. Ha olivenolje på hendene dine så er denne jobben lett som berre det! Legg fyllet du ynskjer utover foccaciaen.

Ta den andre halvparten og kjevle den ut slik at den blir litt større enn den delen som allereie ligg i langpanna. Pass på å mjøle bakebordet så deigen ikkje vert hengande fast. Ta den utkjevla deigen og legg over foccaciaen og fyllet i langpanna. Brett deigen under kanten på foccaciaen som allereie ligg i langpanna. Ta olje på handa og stryk forsiktig over deigen, ta ein stor plastpose og dekk godt til. Eg brukar desse tynne, kvite bossposane som du får kjøpt i daglegvarebutikken.  Set til heving i ein time.

Når foccaciaen har heva ferdig trykkjer du forsiktig nokre fingrar ned i deigen og lagar små groper. Risle over god olivenolje, strø med Maldonsalt og rosmarin. Steik den i ovnen på 220-225 grader i om lag 25 minutt.

La foccaciaen kvile på rist under eit klede til den er lunken. Server som den er, eller som tilbehør til annan mat. Smakar godt til salat. Du kan sjølvsagt bruke denne oppskrifta om du vil lage vanleg foccacia utan fyll.

Mitt tips for påska: bak foccacia, pakk den i matpapir medan den framleis er lunken og ta den med på tur. Ta eit varmt pledd og set deg på ein stein i fjøra medan ungane leikar med klukkande bølger og nyt dei italienske smakane i foccaciaen!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Pizza, Smårettar, tapas | Tagged , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *