Tapas i Barcelona

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Tapas er ei rekkje forskjellige spanske forrettar, slik som ei blanding av oliven, ostar eller forseggjorte rettar som t.d. frityrsteikt blekksprut (Puntillitas). I Spania er tapas ofte servert som gratis tilbehør til drikke før sjølve middagen vert servert.  I USA og Storbritannie har tapas utvikla seg til ein eigen kokkekunst der restaurantkundar kan bestille mange spanske smårettar og kombinere desse til eit heilt måltid. Det er vel denne typen tapas som har vorte den mest ombreidde i Noreg siste åra.

I februar var eg i Barcelona og fekk verkeleg prøvde meg på tapas. Eg trur vi åt tapas kvar dag i ei heil veke og det var like spennande kvar gong. Uansett kvar vi snudde oss, var der ein tapasrestaurant. Vi opplevde at det var ulik kvalitet på maten, men aldri at maten ikkje var god. Fleire stadar fekk vi også gratis sangria eller Cava til maten.

Ingenting er som å setje seg ned i lag med gode vener og nyte slikt eit bugnande måltid! Det var sjeldan vi klarte å ete opp all maten, men det var ikkje fordi det ikkje var godt. Det vart rett og slett servert utruleg mykje mat!

Eg er allergisk mot reker og skalldyr, men hobbykokken i meg let seg likevel både inspirere, overraske og fascinere over alle dei ulike måtane skalldyr kan tilberedast på. Denne varianten var innebaka i filodeig, fritert og servert i ei lita skål med fantastisk aioli!

Dette var faktisk aller fyrste gong eg har smakt skikkeleg blekksprut. Friterte blekksprutringar har eg ete før, men det blir ikkje heilt det same. Her fekk vi blekkspruten servert på grilla paprika (som var ei smaksoppleving i seg sjølv!!!), med pesto og god olivenolje. Og sjå kor fint dei hadde pynta med blomar! Sjølv om konsistensen var noko framand, smakte det fortreffeleg!

No har eg frista meg sjølv til å planlegge eit tapasmåltid i løpet av påska. Det er vel nesten som å banne i kyrkja om eg seier at eg ikkje er glad i lam, men sånn er det altså. Om lammesteika ser aldri så fristande ut, så klarer eg rett og slett ikkje å ete det… Då spørst det om eg heller må by på tapas, ja!

No ser eg fram til late og gode fridagar med mykje tid til å lage god mat!

Kva byr du på i påska?


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Smårettar, tapas | Tagged , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to Tapas i Barcelona

  1. Annette Wannebo Gjerseth says:

    Hei! Flotte bilder! Skal til Barcelona om 3 uker, har du tips på gode tapasrestauranter?

    • Tove says:

      Der er utruleg mange gode tapasrestaurantar, men vi var mykje på restaurantar i kjeden. “Celler De Tapas”. Du finn dei fleire stadar i Barcelona.

      God tur – Barcelona er ein vakker by!

      Mvh ToveHD

  2. Pingback: tips tapas barcelona | juloggaver-n.com

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *