Champignon med spennande følge

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det har vore stille på bloggen min i det siste…. Det er ikkje det at det ikkje har vorte laga mat, men eg har ikkje hatt tid til å ta bilete og skrive om den! I dag tek eg meg på tak og presenterer ein av rettane eg lærte å lage då eg var på vegetarmatkurs på Kokk ‘n Roll i Ulsteinvik.

Vil berre med ein gong kommentere at dette er ei oppskrift eg har fått med ein kokk, så den er fullstendig fri for måleeiningar! Det meste her går på ein slump og så ser ein kor det går!  Eg skal prøve å gjengi så enkelt som råd… På bilete over ser du kva slags ingrediensar du treng. Som ein tommelfingerregel kan eg seie at dersom du skal bruke denne retten som forrett, er det kanskje nok med ein sopp på kvar. Men om du er i det rause hjørnet og tenkjer at gjestane er svoltne og glade for å få prøve noko nytt, då må du nok tenkje at du skal ha to soppar per person.

Må sjølvsagt ha med eit bilete av nokre av dei dyktige hobbykokkane som eg var der i lag med! Vi var alle overbegeistra for å få stå på kjøkkenet i lag med to superkokkar og få boltre oss med fantastiske ingrediensar!

Det fyrste du må gjere er å reinske ut innmaten i soppen og steikje den i ei steikepanne med smør og olje. Pass på så du ikkje steikjer den for hardt. Snu den gjerne litt alle vegar, slik at du får fin farge på heile soppen.  Set soppen på eit brett og la den kvile.

Skrell jordskokken, kutt den i små bitar og kok den mør i ein kjele med vatn. Litt usikker på kor mykje jordskokk du treng, men eg kjøpte to posar på butikken. Når jordskokken er mør silar du av vatnet og har i 1 ss smør og køyrer i ein miksar eller med ein stavmiksar. Spe med fløte etter kvart. Det er viktig at du passar på så ikkje purèen blir for tynn. Smak til med salt og litt pepar.

Rensk spinaten for stilkar og skyll den i kaldt vatn eit par gongar. Tørk den godt slik at du får vekk så mykje av vatnet som råd. Medan spinaten ligg og lufttørkar lagar du ein olje med chili og kvitlauk. Då finhakkar du litt chili (ta vekk frøa og bruk så mykje chili som du er komfortabel med) og 1-2 fedd kvitlauk, har dette på steikepanna i lag med olivenolje. La oljen bli skikkeleg varm, så har du i spinaten og freser den fort i oljen.  Smak til med litt salt og pepar. Spinaten må på ingen måte steikjast, berre verte mjuk.

Så er det på tide med montering! Ta dei steikte soppane og legg dei på eit serveringsfat. Legg i jordskokkpurèen. Dersom purèen er for kald, kan du putte den kjapt i steikeomnen og få ein liten lunk, både i soppen og purèen. Men i følge kokkane treng ikkje denne retten å serverast varm!  Ta litt av den freste og mjuke spinaten og legg på toppen av jordskokkpurèen.

Pass på at du får med nokre chilibitar når du legg på spinaten. Då er champignonen klar for servering! Du kan som sagt servere den som ein forrett eller som ein del av eit tapasbord. I staden for champignon kan du godt bruke portobellosopp.

Overrask mann og barn med ein god forrett til middagen i morgon, eller legg oppskrifta på lager til neste helg og be vener på ein god middag! LUKKE TIL! 

PS! Det var «Fremtiden i våre hender» som arrangerte vegetarmatkurset i lag med Kokk ‘n Roll i Ulsteinvik. Klikk deg gjerne innom lenkjene til begge to! 

PS! Vil du følge «På kjøkkenbenken» på Facebook? Klikk på denne lenkja og legg deg til! 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Smårettar, tapas, Vegetar | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *