Fiskesuppe fra Middelhavet

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

På ein litt guffen måndag, med regn, slaps og sludd,  kan det kanskje passe fint med ei fiskesuppe som smakar sol og sommar! Eg laga ein raus porsjon av denne gryta på laurdag og restane skal nytast mellom regnbygene i dag! Før du set i gang med denne suppa må du vite at der er tre smakar som gir denne suppa ein ganske karakteristisk smak: safran, appelsinskal og laurbærblad. Eg kjem garantert til å lage denne suppe fleire gongar, men då kjem eg til å bytte ut appelsinskalet med rive sitronskal.

Dette treng du:

1/2 ts safrantråd (dropp dette om du ikkje har safran)

3 ts olje

2 store løk, finsnitta

1 purra, berre det kvite, hakka

4 fedd kvitløk, finhakka

1 laurbærblad (riv det i to)

1/2 ts merian (eg fann ikkje det i butikken, så eg brukte basilikum)

1 ts appelsinskal, rive

2 ss tørr kvitvin

1 raud paprika, skoren i små bitar

2 bokser herm. tomat, heile (la all veska renne av), skjær dei i litt store bitar

1 boks herm. tomat, hakka, med all krafta

5 dl fiskebuljong

2 ss tomatpurè

2 ts brunt sukker

salt og pepar

500-700 g skinnfri fiskefilèt (gjedde, mulle, uer eller torsk)

3 ss frisk persille, hakka

  • Legg safrantrådane i bløt i ein liten bolle med 2 ss kokande vatn.
  • Varm opp oljen i ei stor, tjukkbotna panne over svak varme. Ha i løk, purre, kvitløk, laurbær og merian. Legg på lokk og kok i ti minutt, til løken er mør.  Set til litt meir olje om du ser det trengst. Rist på kjelen av og til. Etter ti minutt har du i appelsinskal, kvitvin, paprika og dei hermetiske tomatane. Legg på lokk og kok i ti minutt.

  • Etter at alle tomatane har kokt med i ti minutt, har du i fiskebuljong, tomatpurè, sukker og safran (med væska). Rør godt og kok opp, skru deretter ned varmen og la det trekke utan lokk i 15 minutt. Smak til med salt og pepar.

Medan suppa kokar gjer du klar fisken. Skjære vekk den kilen der alle beina sit, skjær fisken i passe store stykke (skal vere store nok til ein munnfull og små nok til å passe på skeia). Det er best om fisken er romtemperert. Du kan godt bruke ulike sortar fisk i suppa. Eg brukte berre torsk.

  • Ha i fisken, legg på lokk og småkok i 8 minutt, eller så lenge du treng for at fisken skal vere mør. Ha i halvparten av persillen. Plukk ut laurbærbladet. Strø over resten av persillen før servering. Server med ferskt brød. Eg droppa persillen, fyrst og fremst fordi dei ikkje hadde det i butikken, men òg fordi ungane ikkje er så begeistra for det.

Eg serverte heimelaga ostestenger til suppa, noko som var ein nydeleg kombinasjon. Oppskrifta på ostestenger finnn du her. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - fisk, Supper | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *