Smakfulle ostestenger
Eg får altfor ofte små osterestar som ikkje let seg skjære med ostehøvel. Då raspar eg osten og frys den. Slike osterestar er godt eigna til omelett, pizza, ostesmørbrød eller ostestenger. I går laga eg tomatisert fiskesuppe (oppskrift kjem seinare) og då var desse ostestengene perfekt tilbehør! Oppskrifta er enkel og det går raskt å lage dei.
Du treng:
2 1/2 dl kveitemjøl
100 g kaldt smør eller margarin, i terningar
150 g riven ost (gjerne jarlsberg, gryère – ost med smak)
1 ss tørka oregano
1 eggeplomme
1 ss vatn
ca 1 ss Maldonsalt eller grovt havsalt til pynt
- Ha mjølet i ei kjøkkenmaskin og dryss på smørterningane. Køyr med pulsknappen til du har ei finkorna masse som liknar på brødsmular. Tilsett oregano og ost, bland med eit par trykk på pulsknappen. Ha i eggeplommen og bland godt med pulsknappen.
- Legg deigen på benken og kna den godt saman (legg den i kjøleskapet ei stund om den er klissete). Form deigen til ei lengde og del den i om lag 30 små bitar. Trill kvar bit til ei om lag 12 cm lang pølse og legg dei på steikeplata. Dekk med plast og set kaldt i 20 minutt (dersom du ikkje har stort kjølehjørne som rommar bakeplatene, kan du like gjerne la dei stå under eit ope vindauge).
- Forvarm steikeomnen til 200 grader.

- Pensle ostestengene med vatn og dryss på salt. Steik eitt brett om gangen, i ca 10 minutt. Mine måtte steike i nesten 15 minutt for å få rette fargen – dei skal vere gylne. Avkjøl stengene på rist. Server ostestengene med dipp, til suppe, som snacks eller som ein av fleire godbitar på ein antipasto-tallerken.
Du tek utruleg gode bilete Tove. Det er ei fryd å sjå 🙂
Tusen takk, Gunn Marit! Håper du snart er ved god helse att….
Pingback: Fiskesuppe fra Middelhavet | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål