Medan vi ventar…

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Denne helga skal eg bruke til å lese. Eg skal kose meg i ein god stol, kaffi innan rekkevidde og notatark til å skrible på. Det er ikkje vanleg litteratur eg skal lese, men kokebøker. Kokebøkene og matbøkene mine er mange i talet, nokre betre enn andre. No skal eg og familien kose oss med vinterferie i ei veke, og då må sjølvsagt mor kokkelere og eksperimentere.

Medan vi ventar på alt det gode eg har planer om å lage, kosar vi oss med vafler medan vi ventar på meir spennande ting! På laurdagar skal ein ete vafler. Det har farmor lært meg! Vaffelrøre er som regel noko ein lagar utan oppskrift, og så smakar vaflene godt uansett! I dag har eg derimot nytta meg av ei oppskrift som eg fann påMatmons.net. Ingrediensane var dei same som eg brukar, men framgangsmåten var litt annleis.

Dette treng du:

 

10 dl kveitemjøl
3-4 ts bakepulver
2 dl sukker
litt vaniljesukker
1/2 ts kardemomme
10 dl mjølk
4 samanvispa egg
300 g smør

Slik gjer du det:

 

Rør saman kveitemjøl, bakepulver, sukker og kardemomme.
Rør deretter inn mjølka.
Rør godt til røra er jamn og utan klumpar. La den stå ei stund så den kan svelle (15-20 minutt).
Tilsett deretter egg og smelta smør.

 


Alle konkluderte med at vaflene var særdeles gode! Av og til løner det seg å bruke oppskrift… Eg brukte litt mindre smør enn det som stod i oppskrifta. Dess meir smør du brukar, dess meir sprø vert vaflene. Eg likar dei best når dei er mjuke og gode. Pass på at du ikkje steikjer dei for lenge.

Vi åt vaflene med rømme og rørt bringebærsylte!

GOD LAURDAG!!!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | 1 Kommentarer

One Response to Medan vi ventar…

  1. Oda says:

    Lar meg mer enn gjerne friste til å lag ventemat! Her blir det også lørdagvafler, Tove. God helg!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *