Lemon chicken og couscous-salat

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Denne retten er inspirert av Tom Victor Gausdal og Ole Martin Alfsen.

Dette treng du for å lage retten:

  • 4-6 kyllinglår (gjerne landkylling, økologisk kylling etc)
  • salt og pepar (evt provencekrydder)
  • olivenolje til smøring av form/panne
  • 2 ss sirup
  • finraspa skal og saft frå ein sitron

Krydre låra og legg dei i ei steikeform smurt med olje. Steik på 200 grader i 30 minutt. Medan det steikjer fiksar du sitrontilbehøret.

Rasp skalet frå ein sitron. Press ut safta frå sitronen og bland det med sitronskalet. Tilsett 2 ss lys sirup og rør godt. La det stå og godgjere seg medan kyllingen steikjer.


Ta ut kyllingen etter 30 minutt og fordel sitronherlegheita over låra. Set kyllingen tilbake i steikjeovnen og la stå omlag 10 minutt til.

Til denne retten serverer eg couscous-salat og tomatsalat. Dette treng du for å lage couscous-salaten:

  • 1 pakke couscous
  • 1 raud løk
  • 3 fedd kvitløk, finhakka
  • 1-2 grøne chili (ein stor eller to små)
  • 1 raud chili
  • 1 liter hønsebuljong
  • 5 ss olivenolje

Kok opp hønsebuljongen i lag med olivenolje, raud løk og kvitløk. Slå i pakken med couscous når vatnet kokar og trekk panna tilside. Couscousen treng å trekke i omlag 5 minutt, men kan godt stå litt lenger. Rett før servering rører du godt og tilset chilien.

 

Tomatsalaten brukar eg til det meste. Den passar godt sommar som vinter. For å lage den treng du:

 

  • så mykje tomat som du vil ha (gjerne små, søte tomatar)
  • raud løk, hakka
  • grasløk, hakka (kan erstattast med vårløk)
  • marinerte kvitløksbåtar
  • olivenolje og balsamicoeddik (nok til at tomatane vert godt marinerte)

Dette er garantert ein rett som vil gi deg smaksopplevingar. Du har både syre, sødme og fantastiske  kryddersmakar. Om du ikkje er særleg glad i krydderurtene eg har brukt, så kan du evt bytte dei ut med salt og pepar, eller andre krydder som du er glad i.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling | 3 Kommentarer

3 Responses to Lemon chicken og couscous-salat

  1. Charls sier:

    Fint innlegg, ser du har tatt helgens lærdom i bruk. Bra jobbet!!!

  2. May Kristin sier:

    Sitronkylling er noe jeg har lest om mange ganger, men aldri prøvd selv. Ser og høres veldig godt ut 🙂

  3. Oj,oj,oj,dette ser bare helt herlig ut og må bli middag hos oss på lørdag! Takk for at du deler:-)
    Utrolig flotte bilder!:-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *