Kortreist mat, liksom???

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Det er klart at eg burde ha eigen frukthage. Eg bur landleg på eit småbruk og det meste ligg eigentleg til rette for at det skulle gå an. Vi har eit plommetre, men det er så gammalt og har fått så hard medfart gjennom åra at dei få plommene som kjem er små, rare og smaklause. Eg skulle hatt fleire plommetre og bærtre, for eg vil ha kortreist mat. Burde hatt litt fleire bærbusker òg, for ikkje å snakke om grønsakshage og urtehage.

Når eg snakkar om kortreist mat handlar det ikkje om matjåleri og trend. Det handlar rett og slett om at det hadde vore kjekt å kunne dyrke litt meir mat til eige bruk. Litt sånn som sjølvhushaldet i “gamle dagar”, der ein var nøydde til å dyrke den maten ein sjølv trengte. Og så trur eg det er mykje glede i å dyrke sin eigen mat. Eg trur ungane har godt av å lære seg det. “Frå jord til bord” er eit godt slagord.

Omgrepet “kortreist mat” har kanskje ein tendens til å verte litt misbrukt. Mindre seriøse aktørar i matbransjen brukar omgrepet for det det er verdt. Sjølv om dei kanksje ikkje veit kvar maten kjem i frå. Sjølv om den på ingen måte er dyrka eller hausta i nærleiken av der produktet blir solgt. Kanskje ikkje ein gong i same landet. Eg kan fortelje om ei slik historie:

I fjor sommar stoppa eg og familien for å handle med ein av desse “matbilane” som ein finn rundt omkring, desse som sel pølser, molte, honning etc. Store skilt med “kortreist mat” lyste i mot oss. Mannen handla nokre pølser, medan eg ville ha sylte og saft. Han hadde sylte av ymse slag, men eg fekk lyst på plommesylte av gule plommer. Og saft. Raud saft. Når det gjeld safta fekk eg bange anelsar med ein gong. Kva slags lokal saftprodusent ville vel ha solgt safta si i store plastdunkar (her snakkar vi 2-5 liter!!!) med udelikate merkelappar? Eg kika fort på den vesle skrifta på etiketten; “Opprinnelse: Europa”. Jaha. Skikkeleg kortreist saft. Kva for europeisk land, ville eg vite. Mannen visste ikkje. Og så spurte eg om sylta. Eg kunne ikkje rekne med at plommene var dyrka i verken mi eigen kommune eller nabokommunen, men ein eller annan stad i fylket ville vel kanskje ikkje vere utenkjeleg? Nok ein gong måtte “kortreist mat”-seljaren svare på eit vanskeleg spørsmål: Kvar kjem plommene frå? Blikket flakka og han vrei seg litt. Han kunne ikkje svare. Eg kika på etiketten, men der var det sparsommeleg med opplysningar. Er dei dyrka i dette fylket, eller kanskje i Hardanger? Mannen bladde frenetisk gjennom ein bunke med ark. På nytt flakka blikket. Han vrei seg. Eg måtte lokke for å få svaret. “Litauen. Eg trur kanskje dei er dyrka i Litauen”. Eg kjende eg vart veldig skuffa. Litauen??? Ikkje det at det er noko gale med Litauen, for all del, og plommene var heilt sikkert gode dei. Men kva er det som er så kortreist med desse plommene då? Sylta var ikkje ein gong produsert i Noreg.  

Den  kortreiste maten i denne bilen var berre lureri. Tull og tøys. Sikkert god, men langt i frå kortreist. Men mannen i bilen tente sikkert gode pengar på desse kortreiste produkta sine. Turistar stoppa heilt sikkert og trudde dei kjøpte saft av bær dyrka i den flotte Sunnmørsnaturen. Sånn var det altså ikkje.

Kan ein då stole på at den kortreiste maten er kortreist? Kanskje. Kanskje ikkje. Endåtil McDonalds har kasta seg på kortreist-bølga, der McD-mannen i reklamen spring land og strand for å ta oss med tilbake til garden der kjøtet har sin opprinnelse.

Konklusjonen min er at det ikkje alltid er slik at kortreist mat er kortreist. Men når kokk Jørn Lie på restauranten “Gamle Raadhus” seier at kalvekjøtet kjem frå Gol, at skreien kjem frå Lofoten og lammet frå Vesterålen, så trur eg på det. Eg trur at kokkar med lidenskap for yrket sitt er stolte av råvarene sine. Dei lyg ikkje .

Eg likar å vite kvar maten eg et kjem i frå. Det er kanskje difor eg må ha meg grønsakshage, urtehage, potetåker og frukthage. Så kan eg kanskje ta meg med ei korg med sjølvdyrka råvarer til onklane mine og få fisk i bytte. Kanskje eg kan bytte til meg ferskt kjøt frå ein nabo mot heimelaga plommesylte? Då snakkar vi kortreist, folkens!

Avslutningsvis vil eg presisere at kortreist mat ikkje handlar om jåleri og trend. Det handlar om smak. Kvalitet. Identitet. I alle fall for meg.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | 5 Kommentarer

5 Responses to Kortreist mat, liksom???

  1. lars says:

    En bra refleksjon jeg deler med deg!

  2. Oda says:

    Dette skrek; ukens innlegg! Brava, Tove!

  3. May Kristin says:

    Veldig godt innlegg! Mange poenger jeg tror ikke mange tenker over. En dag i fremtiden skal jeg også ha en liten grønnsaks- og urtehage, og det gleder jeg meg til 🙂

  4. Hilde says:

    Veldig bra skrevet:)

  5. Oda #2 says:

    Dette kan jeg stille meg bak, kortreist mat handler om økologi, identitet, trygghet og langsiktig tenkning, og så mye, mye mer. Glad for at du brenner for det gode!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *