Pizza delight!

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Etter ein lang og god juleferie med mykje mat og drikke, gjer det godt å ta tak i kvardagen igjen. Vi hadde pizza til middag i dag. Ikkje den klassiske som ungane helst vil ha, med kjøtdeig og ost, men ein «kvit» variant med kylling og heimelaga pizzasaus.

Men fyrst vil eg seie litt om mjølet eg har brukt. Ikkje at det er noko gale med deg vanlege kveitemjølet vi har, men av og til er det artig å prøve noko nytt. Mjølet frå Villa Paradiso (ein italiensk restaurant i Oslo) er eit ekte pizzamjøl, eller eit «00» -mjøl (null-null), som dei eigentleg kallar det.

Dette skriv dei om mjølet på heimesida si:

 

Skal du lage en ekte italiensk pizzabunn finnes det ingen snarveier. Du må bruke ekte tipo ”00” mel for å få frem den luftige mykheten som kjennetegner bunnen i en ekte italiensk pizza. Dette melet er ekstra fint og gir deigen en særegen struktur, slik at den tåler litt røff håndtering, og kan kjevles svært tynn. Denne pizzabunnen kan lages på kort tid, men blir aller best hvis den får kaldheve natten over i kjøleskap.

 

Vårt pizzamel produseres av Molino Agugiaro, som er hovedsponsor for verdensmesterskapet i pizzabaking og det italienske pizza-akademiet. I Italia regnes dette som landets, om ikke verdens beste pizzamel!

 

 

Dette treng du for å lage pizzabotn:

PS! Denne oppskrifta gir to tynne pizzabotnar eller ein litt tjukkare.

1 kg Villa Paradiso pizzamjøl (eller vanleg mjøl)

7 dl lunka vatn

1/2 pakke gjær (om du brukar fersk gjær kan du godt bruke pittelitt mindre)

1 ss salt

1 ss sukker

1 dl extra virgin olivenolje

Bland alt det tørre, inkl. tørrgjæra. Tilsett vatnet. Dersom du brukar fersk gjær, løyser du den opp i vatnet før du blandar med det tørre.  Bland til ein smidig deig og la den heve på ein lun stad i ein halv time.

Elt deigen ein gong til og la den heve ein time før du kjevlar den til ynskt form og storleik.

Dette treng du for å lage heimelaga pizzasaus:

To bokser hermetiske tomatar (bruk gjerne to ulike sortar)

1 ts sukker

1/2 ts salt

1 lita ss olivenolje

Evt løk/kvitløk

Slå tomatboksen i eit dørslag og la mesteparten av krafta renne av (ta vare på krafta). Ha tomatblandinga i ei panne, tilsett resten av ingrediensane. La tomatsausen få koke til den tjuknar litt. Tilsett gjerne noko av tomatkrafta som du har silt av. La sausen bli kald før du har den på pizzaen.

 

Etter at du har fordelt pizzasausen på botnen, kan du legg på favorittingrediensane dine. I dag hadde eg på kyllingkjøt og rødløk. Kanskje har du restar etter nyttårskalkunen, då kan du heilt sikkert bruke det! Fordel godt med mozzarellaost over (helst den «ferske» bøffelvarianten, men den tørka/ferdig raspa varianten går også fint).  Dryss over litt maldonsalt før du til slutt rislar over den beste olivenoljen du har.

Steik i ovnen på 250 grader i om lag 15 minutt.  La pizzaen få kolne litt før servering. Topp med fersk ruccola eller basilikum og ein liten oljeskvett!

HÅPER PIZZAEN VIL SMAKE! 

PS!  Du kan godt lage pizzadeigen kvelden før du skal bake den ut. Bruk 1/4 pakke gjær og kaldt vatn. Set deigen til heving natta over på ein kald stad. Då er det fort gjort å kome heim etter jobb og så er pizzadeigen klar til utbaking og steiking!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Pizza | 7 Kommentarer

7 Responses to Pizza delight!

  1. May Kristin sier:

    Oh, dette så kjempegodt ut 🙂 Skal se etter paradiso sitt mel neste gang jeg er på meny 🙂

  2. Oda sier:

    Dette er et «rumleimageninnlegg», og dermed Ukens innlegg.
    Oda, MatPrat

  3. Denne pizzaen ser utrolig fristende ut!Jeg har ikke prøvd å lage pizzabunn med 00 mel før, men nå er tiden kommet for å prøve!:-) Hvilke butikker får man kjøpt dette melet i? Ultra, kanskje?

  4. Romeo sier:

    looking good, skal prøve pizza med dette mel jeg også

  5. Oda sier:

    Siv; Meny har denne serien. Ellers går det fint med vanlig mel tipo 00, og det har de på en del Remabutikker.

  6. Tilbaketråkk: pizza på grillenPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *