Korleis lage middag i ein fei?

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg har tenkt å skrive litt om korleis god middag kan lagast i ein fei. Med min travle kvardag blir ikkje mat laga frå botnen av kvar dag. Dagens middag er basert på varer eg finn i daglegvarehylla. For å lage ein raus middag til ein familie på fem, treng du dette:

  • ein pakke kyllingsnitzlar frå Prior (eller andre snitzlar)
  • tre posar potetstappe (eller lag sjølv)
  • eit stykke bacon
  • litt creme fraiche eller rømme
  • litt ost (gjerne restar)
  • tomatar
  • litt grasløk til pynt

Middagen tek om lag 20 minutt å lage, frå du har pakka ut daglegvarene til middagen står på bordet.

Slik gjer du det:

Skjær bacon i små, små terningar/bitar og steik. Så steikjer du snitzlane på svak varme medan du lagar potetstappe. Når stappa er ferdig å svelle, tilset du 1-2 ss creme fraiche eller rømme og osten. Bland godt og haldt varmt.

 

På biletet ser du tallerkenen til 4-åringen min.

Små born et med augene òg, akkurat slik som oss vaksne! Om maten ser  litt gøyal og fargerik ut, så et dei gjerne meir.

 

 

 

Du kan godt lage litt gøyale tallerkenar til ungane i familien. Det treng ikkje å ta så mykje tid.

Start med å skjære snitzelen i “strimlar” på tvers. Bygg dei opp lagvis på tallerkenen og set ein tomat på toppen. Har du ikkje tomat kan det godt vere skiva gulrot eller agurk, ein brokkolikvast eller bit av eit blomkål.



Legg små “klattar” med potetstappe på tallerkenen, strø over bacon og nokre ostebitar. Pynt med grasløk. Til slutt legg du på litt rømme/creme fraiche som kyllingbitane kan dyppast i.

Ikkje kast restane om du skulle løyve noko. Det er heilt sikkert nokon som vil sette pris på ein varm kvelds! Eller du kan lage ferdige porsjonar på tallerkenar og så kan ungane varme det sjølve når dei kjem heim frå skule neste dag!

På denne måten kan ein “ferdigmiddag” få ein personleg og heimelaga touchog så smakar det ikkje så aller verst!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling | 1 Kommentarer

One Response to Korleis lage middag i ein fei?

  1. Torill sier:

    Hei og takk for tips! Eg har vorte besatt av å lage alt frå grunnen av og det tek aaalt for lang tid når ettermiddagen er 3 timar frå vi kjem heim til ungane er lagt. Derfor er mitt tips: Skrell og kutt opp grønnsaker kvelden før og legg det i kaldt vatn i kjøleskapet. Skjær opp kjøtt i strimlar og mariner natta over. Tin fisken i kjøleskapet slik at koke/steiketid er gjort på 5 min. Lag store porsjonar, gjerne til eit heilt lag, og frys ned.

    Drit i middag og et ei skjeve. Haha!

    Du har virkelig fått dreisen på nettsida di. Kjekk og inspirerande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *