Kake med smak av sommar

2 Flares Twitter 0 Facebook 2 Pin It Share 0 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Det har vore mykje kaker og søtmat på bloggen min i det siste. Ein skulle nesten tru at vi ikkje gjorde anna enn å ete søtt her i huset! Sanninga er at eg svært sjeldan bakar kaker til oss sjølve. Anten så bakar eg til andre,  eller så bakar eg kaker fordi det er bursdag eller andre dagar det er verdt å feire.

Kaka på biletet over laga eg til ein barnedåp for litt sidan og i helga skal eg lage den til ein faddergut som fyller ti år. Oppskrifta er henta frå «The Hummingbird Bakery – kakeboken» og heiter «Ostekake med bringebærkrem på browniebunn».  Når du skal lage denne kaka må du først lage browniebotnet, så ostekaka og til slutt bringebærkremen.

Forvarm omnen til 170 grader. Kle ei lita langpanne med bakepapir.

Dette treng du for å lage browniebotnen:

200 g grovhakka, mørk sjokolade

200 g usalta smør, temperert

250 g melis

3 egg

110 g kveitemjøl

Smelt sjokoladen i vannbad til den er glatt og fin. Pass på at temperaturen ikkje vert for høg.  Ha melis og smør i ei skål/kjøkkenmaskin og miks til det er godt blanda. Legg gjerne ein koppehandduk over miksaren og bollen, då melisen vil «støve» litt. Tilsett eitt egg om gangen, bland godt med slikkepott  for å få med restar langs kanten. Bland gradvis inn mjølet, bland godt kvar gong og miks til du får ei glatt blanding. Tilsett den smelta sjokoladen og bland godt. Så slår du røra i langpanna og glattar ut med ein palettkniv. La stå på benken medan du lagar ostekakerøra.

Dette treng du til ostekaka:

400 g kremost naturell

150 g melis

1/2 ts vaniljeekstrakt eller 1 1/2 ts vaniljesukker

2 egg

Ha melis, kremost og vaniljeekstrakt/vaniljesukker i bakebollen og miks på lav hastigheit til du får ei glatt og fin masse. Tilsett eitt egg om gangen medan miksaren går. Bruk slikkepott for å få med restar langs kanten. Blandinga skal vere glatt og kremaktig. Pisk med større hastigheit mot slutten for å gjere blandiga luftig. PS! Ikkje overdriv, då kan massa skilje seg.  Legg ostemassa over brownien med ei skei, fordel jamt utover og glatt ut med palettkniven. Set så kaka i omnen i 30-40 minutt, eller til du ser at ostekaka er svakt gyllen i kantane og fast å ta på. Midten skal framleis vere lys. Avkjøl heilt . Dekk til og la den stå i kjøleskapet i to timar, eller helst over natta.

Dette treng du til bringebærkremen:

3 dl fløyte

100 g melis

150 g bringebær og nokre ekstra til pynt

(PS! Då eg laga kaka hadde dei ikkje nok fine bringebær på butikken, difor tok eg eit beger med frosen, rørt bringebærsylte. Eg hadde sylta i eit dørslag slik at væska ranna av og eg sat att med bringebærmassa. Bæra brukte eg til pynt.

Ha fløte, melis og bringebær i ein bolle og miks til du får ei fast, men ikkje stiv masse. Ta kaka ut av kjøleskapet. Du kan anten skjære porsjonsbitar og pynte kvart einskilt stykke (det likar eg best), eller du smører kremen over heile kaka for så å skjære i bitar etterpå. Pynt med bringebær og fersk sitronmelisse.

Dersom du ikkje får tak i bringebær, kan du bruke andre bærsortar som måtte vere tilgjengeleg.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | 2 Kommentarer

2 Responses to Kake med smak av sommar

  1. May Kristin sier:

    Jeg skal definitivt kjøpe boka til Hummingbird. Kan faktisk ikke tro at jeg gikk glipp av dette bakeriet når jeg var i London i august. Ser veldig godt ut, og ser for meg at smakene passer veldig godt sammen 🙂

  2. Tilbaketråkk: KAKESPESIAL – 10 favorittar! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *