Sveler – sunnmørsk tradisjon på sitt beste!

1 Flares Twitter 0 Facebook 1 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

I lag med brennsnut og nokre få andre rettar, er kanskje sveler noko av det mest sunnmørske du får servert! Eg har ei fortid som svelekokk på ei ekte sunnmørsferje,  så sveler er noko eg kan! Arbeidsfordelinga om bord var enkel; eg laga røra og maskinisten stod for steikinga!

Han var god å ha, maskinisten, når det slingra og var uvèr. Med stødig hand tok han for seg svelerøra og hadde full kontroll! Heime på kjøkkenet mitt er det eg som har full kontroll på svelene, medan ungane og mannen er svært gode til å få stablane til å minke.  I går hadde vi bursdagsjente i hus og då steikte vi ein stabel med sveler til gjestane. Det slår aldri feil! Oppskrifta er enkel og du treng ikkje ei steikjetakke for å få jobben gjort. Ei steikjepanne gjer jobben like godt!

Dette treng du:

5 egg

2 dl sukker

1 liter kulturmjølk

1 l kveitemjøl

1 ts natron

1 ts hornsalt

75 g smelta  margarin

Pisk egg og sukker godt. Før du slår mjølka i røra slår du 1-2 dl i ei lita skål som du set til side. Slå det som er att i bollen i lag med egg og sukker. Rør om og slå i mjølet litt og litt. Når røra er godt blanda tek du hornsalt og natron og puttar i bollen med mjølka du sette til side. Rør godt om og sjå på kor det eser seg opp. Så slår du denne blandinga i resten av røra og blandar forsiktig. Slå i det smelta smøret.

Bruk steikjetakke eller steikjepanne når du steikjer svelene. Dei skal vere gyllenbrune på kvar side. Legg dei på rist for avkjøling.

Sveler servert i solskin smakar sjølvsagt best, uansett kva ein har på svelene. Men den originale ferjesvela skal serverast med rørt smør og sukker. Brunost, sylte eller rømme er heller ikkje å forakte! Svelene er særleg gode når dei er heilt nysteikte, lunka, slik at smøret smeltar og blandar seg med sukkeret…

Dersom du lagar meir sveler enn gjengen din klarer å ete, så kan du enkelt og greit pakke dei og putte dei i frysaren. Då kan du servere «ferske» sveler om du skulle få overraskande kaffibesøk!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | 5 Kommentarer

5 Responses to Sveler – sunnmørsk tradisjon på sitt beste!

  1. Jannetove sier:

    Syns eg kjenner smaken og lukta heilt hit. Og såååå flotte bilder «heimlengt»

    Klem jannetove

  2. May Kristin sier:

    Det er ingen tradisjon for sveler i Tromsø, hvor jeg kommer fra. Så det er noe jeg først fikk smake etter at jeg flyttet til Trondheim – og er kanskje det beste i den matkategorien. Jeg foretrekker helt klart sveler fremfor vafler 🙂 Disse så veldig god, og temmelig enkel å lage, så spørs om jeg ikke må invitere på svelelag en dag.

  3. Gunnhild sier:

    mmmmmm….

  4. Tilbaketråkk: Laurdagslunsj: pannekakesveler! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  5. Birgit sier:

    Disse svelene var kjempegode, beste oppskrift jeg noen gang har prøvd

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *