Hummingbird Bakery Frosted Brownie

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Eg har, som mange andre, lete meg begeistre av boka «The Hummingbird Bakery». Oppskriftene er enkle, varierte og litt annleis enn dei trauste kakene som kanskje er mest vanleg å bake. Eg har for uvane å sjeldan lage same kake fleire gongar. Der er ein favoritt som går att, men elles så likar eg å lage nye ting.

I dag er vi i barnedåp og eg har sjølvsagt baka kake. Mange kaker… Frykta for at det ikkje skulle verte vellukka gjorde at eg sikra meg og baka fire ulike kaker. Tre av dei er frå Hummingbird-boka og den fjerde er ei oppskrift eg har fått med ein god kollega.

No vil eg dele oppskrifta på «The Hummingbird Bakery Frosted Brownie»!

For å lage denne kaka treng du to enkle ting: browniebotn og sjokoladekrem. Dersom du vel den enkle utvegen kjøper du kanskje ferdig brownieblanding i butikken, har du fem minutt ekstra lagar du den sjølv. Dersom du vel det siste brukar du denne oppskrifta:

  • 5 egg
  • 500 g sukker
  • 120 g kveitemjøl
  • 100 g bakekakao
  • 250 g usalta smør, smelta
  • 30 g valnøtter, grovt hakka (utelat dette om nokon har nøtteallergi)
  • 30 g mørk sjokolade, grovt hakka

Ha egg og sukker i ein bolle og pisk til eggedosis med ein handmiksar. Ha i mjøl og kakao og pisk til alt er godt blanda. Slå inn det smelta smøret og pisk til alle ingrediensane er godt blanda. Rør inn valnøtter og sjokolade for hand til dei har vorte jamt fordelt i røra. Ha røra i ei bakepapirkledd langpann, lita. Eg har ein eigen vri heilt til slutt: Hakk to store Daim-sjokoladar og strø over kaka før du set den i omnen! Nam… Steik kaka i 30-35 minutt. La den stå på benken for å avkjøle.

For å lage fyllet treng du dette:

  • 200 g melis, sikta
  • 75 g usalta smør, romtemperert
  • 30 g kakaopulver (bakekakao), sikta
  • 150 g kremost, kald
Ha melis, smør og kakao i ein bolle og bruk ein handmiksar til å blande godt. Det vil støve mykje av melisen, så det kan vere lurt å ha ein bolle med lokk med hol i toppen til miksaren, eller legge ein koppehandduk over bollen og miksaren når du miksar. Ha i kremosten og bruk handmiksaren for å blande osten inn i lag med resaten. Pisk heilt til du har fått ei mjuk, fluffy og herleg blanding. I følge Humminbird-bakarane bør du piske i fem minutt. Eg gjorde det og det var vel verdt det! Men pass godt på tida, for piskar du meir enn dette kan sjokoladekremen verte rennande.
Denne kaka er mektig, så eg laga små porsjonsbitar, også kalla «cute bites» eller «mouthfulls». Deretter tok eg sjokoladekremen og la litt på kvar bit. Pynt gjerne med eit grønt sitronmelisseblad eller kanskje ei bringebær. Eg kan love at dette vil smake….

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker, Kokebøker | 4 Kommentarer

4 Responses to Hummingbird Bakery Frosted Brownie

  1. May Kristin sier:

    En ting som har skjedd etter at jeg opprettet bloggen, er at lista over kokebøker jeg ønsker meg har vokst enormt! Enda en å føye på her, siden jeg har en nyfunnet interesse for baking. Dette så lekkertsmekkert ut, og regner med den slo godt an 🙂

  2. Tilbaketråkk: Bursdagskalas! | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  3. Mona sier:

    Hei! Har veldig lyst til å lage denne, men 500g med sukker?
    Dette må vell være feil? Den ser veldig god ut. Håper du svarer selv om innlegget er litt gammelt. I’ll be waiting 😉

    Goood helg på forskudd

    • Tove sier:

      Hei Mona! No har eg sjekka fleire stadar der oppskrifta er publisert, og det stemmer nok at det skal vere 500 g sukker i kaka…. Eg har ikkje prøvt å lage den med mindre sukker, men det vil sikkert ikkje gjere noko om du kuttar ut noko av sukkeret. Vil gjerne høyre frå deg om du prøvar ein sukkerredusert variant av oppskrifta! Lukke til!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *