Sweet as can be!

25 Flares Twitter 0 Facebook 25 Pin It Share 0 Filament.io 25 Flares ×
Print Friendly

Du har kanskje lyst å kose deg litt ekstra med ei søt og god kake i helga? Då kan eg verkeleg anbefale Charls si søtbombe av ei kake! Der er mange variantar av snickerskake, men Charls sin er kanskje den beste eg har smakt!

 

For å lage denne kaka treng du:

7 dl kellogg’s cornflakes, 1,5 dl salte peanøtter, 350 gr peanøttsmør (eitt glass, grov type), 1,5 dl sukker, 1,5 dl sirup, 1 dl varmt vatn, 60 gr smør, ei liten klype maldonsalt (eller kanskje litt meir om blodtrykket toler det!), 200 gram melkesjokolade.

Bland cornflakes, peanøtter og peanøttsmør forsiktig. Smelt sukker til mørk karamell (men ikkje brent). Ha i 1 dl varmt vatn litt og litt medan du rører det inn til du har ein fin, glatt og gyllen karamellsaus. Ha i sirup, bland saman og kok inn 3 minutt. Rør så inn små klikkar med smøret til du har ein glatt saus. Tilsett litt av maldonsaltet og kok inn ytterlegare, maks 3 minutt. Tilsett resten av maldonsaltet  i cornflakes- og peanøttblandinga og slå over den varme karamellen. Rør forsiktig om til det er godt blanda.

Ha matpair i botnen av ei 21 cm springform (ikkje på kantane). Ha i massa og trykk den fint ut til kantene. Sett den kaldt ein time. Smelt 200 gr mjølkesjokolade og slå det over.  Sett kaldt til sjokoladen har stivna.
Smakar best om den blir servert romtemperert.

Du må for all del ikkje telje kaloriar når du et denne kaka! Berre gløym kaloriane, nyt kvar munnfull og kos deg!

Eg har fått låne denne oppskrifta med min gode medbloggar Charls, med bloggen «Charls – det beste jeg vet». Ikkje berre har han fantastiske oppskrifter (mannen er jo kokk!), men bileta på bloggen hans gjer det heile komplett. Det er fotograf-dottera hans som tek bileta. Dersom du ikkje har kika innom Charls enno, så må du stikke innom bloggen hans. Set av god tid og nyt alt du les og ser!

God fredagskveld til alle!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | 3 Kommentarer

3 Responses to Sweet as can be!

  1. Så utruleg perfekt at du la ut oppskrift på snickerskake, eg har gått i dagesvis og hatt lyst på akkurat det. Så no blir det laurdagsbaking =)
    Ha ei flott helg!

  2. Synnøve sier:

    Phu, der klarte eg meg. Har ikke cornflaces hjemme :))
    Men må vel kjöpe hjem etterkvart om det ska bli kake.
    Takk for oppskrifta, den skal eg hugse :))
    Klem Synnöve.

  3. May Kristin sier:

    Som jeg skrev når Charls posta denne, dette ser helt utrolig godt ut! Gleder meg til en anledning hvor denne kan lages, regner med det blir suksess 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *