Sytalaus sitronkylling!

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

På Sunnmøre har vi eit uttrykk som heiter “sytalaust”. Vi brukar det om noko vi ikkje treng å bekymre oss så mykje for, eller bruke for mykje energi på. Sytalaus kylling er difor middagsrett du ikkje treng å jobbe så mykje med og som ikkje krev så mykje arbeid.

Lemon chicken vert laga mange stadar i verda, men for meg er den retten noko eg forbind med USA. Då eg jobbe i Carlifornia hadde vi ofte lemon chicken til middag eller vi bestilte det på restaurant når vi var ute og åt. Min variant i dag er inspirert av ei oppskrift i “Familiekokeboka”, som eg presenterte i eit anna innlegg (du kan lese om kokeboka her).

kylling

Hovudingrediensen i denne retten er sjølvsagt kylling, men eg tør å påstå at det er sitronen som spelar hovudrolla!

For å lage retten treng du:

♥ 4-6 kyllingfiletar eller ein rå kylling som du deler i høvelege bitar

♥ 2 sitron

♥ salt og pepar

♥ 2 ss sirup

♥ olivenolje til å smøre forma

♥ ei eldfast form

♥ sitronpresse

 

Slik gjer du det:

Set omnen på 200 grader. Smør ei eldfast form med olivenolje. Krydre begge sider av kyllingfilètane med salt og pepar. Eg brukte sitronpepar. Set forma i omnen og la kyllingen steikje i 30 minutt.

Medan kyllingen steikjer raspar du skalet av dei to sitronane. Deretter skvisar du all safta ut av sitronane. Ha skal og saft i ein liten bolle og tilsett sirupen. Rør godt og la stå til kyllingen har steikt ferdig.

Etter 30 minutt tek du ut kyllingen og auser sitron/sirup-blandinga over filètane. Set tilbake i omnen og steik 10-15 minutt til. Du kan opne ovnsdøra nokre gongar og ause krafta over kyllingen.

kylling1

Kyllingen er så utruleg smakfull at du ikkje treng så krevjande tilbehør. Lag ein enkel, men raus tomatsalat til denne retten. Då treng du:

♥ Tomatar som du kan skjære i små bitar

♥ Agurk i terningar

♥ Paprika i bitar

♥ Raud løk i små bitar

♥ Marinerte kvitløksbåtar

♥ Litt olivenolje og balsamicoeddik (du kan gjerne bruke oljen som kvitløksbåtane ligg i)

Tilsett litt salt (gjerne Maldonsalt) og ein liiita klype sukker.

Retten smakar godt med ris eller couscous til.

kylling2

Eg har erfart at det ikkje er alle som likar så godt det raspa sitronskalet som ligg på toppen av kyllingen. Det kan kvar einskild sjølvsagt skrape av, eller så treng du ikkje å bruke så mykje skal i blandinga.

PS! Den herlege mixen av sitronsaft, sitronskal og sirup smakar nyyydeleg på vaniljeis! Pass då på at du ikkje brukar altfor mykje sitronsaft slik at det vert altfor rennannde. Legg vaniljeis i ei skål, strø over ferske jordbær og slå over litt av sitronblandinga. Då har du ein super dessert!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Tips og idèar | 4 Kommentarer

4 Responses to Sytalaus sitronkylling!

  1. Synnøve. sier:

    Må prövast! Uten tvil. Skal handle in litt når vi reiser over grensa. Frukt, grönt og kjött.Kylling kan brukast til så mye.Takker for den oppskriften :))

  2. Janne Tove sier:

    Ditta såg jammen meg godt ut – spørst om eg må prøve detta ein dag:-))

  3. Veronika sier:

    Mmmm! Ser godt ut 🙂

  4. karivelle sier:

    Eg prøvde det, Tove. Kjempegodt. Barna likte ikkje like godt, men eg kjem til å lage det igjen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *